Sosialt ansvar framfor profitt

Arendal og Grimstad bør samarbeide om å få ro og orden i sentrum om nettene, om å redusere alkoholproblema, og om å redusere dei sosiale problema som følge av alkohol og fyll. I valkampen varsla påtroppande Grimstadordførar Hans Antonsen, Venstre, at han ville sjå på skjenketidene etter valet. Dette er ein klar og konstruktiv invitasjon til Arendal om å gjere det same, skriv bystyremedlem og lokallagsleiar Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Pollen

Foto: Arendal Venstre

Politiet, barnevernet, sosialarbeidarar og skolefolk ser problema med dei lange åpningstidene, og ber bystyret gjere ein innsats for å gjere Arendal sentrum tryggare og rolegare, og å hjelpe familiane som lir under alkoholforbruket.

Dei som tener pengar på alkoholen vil på si side tene så mange pengar som mogleg, også mellom kl 0100 og 0300 om nettene.

Kven skal vi lytte mest til?
Som folkevalte må vi velje å høyre anten på dei som arbeider for eit sosialt, trygt og solidarisk Arendal eller å høyre på dei kapitalkreftene som får profitten.

Eg ser i Agderposten 29. september at lokallagsleiar Gjermund Bjørndahl Røysland i Arbeidarpartiet villig lar seg styre av kapitalen og profitten, slik han også gjorde i striden mellom grådige impressarioar i Oslo og leiinga i Arendal kulturhus. Eg for min del vil lytte til politiet, barnevernet, ungdomsarbeidarane, krisesenteret og andre i det sosiale hjelpeapparatet.

Eg er derfor glad for at skjenketidene er oppe til debatt igjen. La oss ta diskusjonen utan å låse konklusjonen på førehand slik Bjørndahl Røysland gjer. Vi må ta eit sosialt ansvar og ikkje la oss styre einsidig av kortsiktige profittønsker.

Jan Kløvstad,
bystyremedlem og leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**