Takk for tilliten!

Tysnes Venstre vil nytte høve til å takke for tilliten veljarane gav oss under kommune og fylkestingsvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det er fire spennande år me har i møte. Venstre vært det einaste opposisjonspartiet i formannskapet, noko som gir oss eit stort ansvar. Venstre ynskjer å forandre ting på Tysnes og det skal me framleis kjempe for, sjølv om me vært i mindretal. Med ein så brei koalisjon, er det mange som lyt svelga kamelar om eit samarbeid skal gå bra. Eg håpar for deira del, at veljarane til partia i ytterkantane forstår kvifor dei har gjort det valet dei gjer. Dei vil ha litt forklaring å gjere, det er mange veljarar som vil kjenna seg svikta.

Me skal jobba konstruktivt for Venstrepolitikk i kommunen, me vil støtta koalisjonen der der me er einige og kjempa mot når me ikkje er det. Me er ikkje redde for å sei kva me meiner og kvifor me meinar det me gjer. Det blir også ei stor oppgåve for Bladet Tysnes å halde liv i inntressen for kommunepolitikken. Dei fleste sakene vil jo no bli diskutert og avgjort for lukka dører innad i koalisjonen. Dette vært eit stort steg attende for demokratiet på Tysnes.

Tysnes Venstre skal jobba for folket på Tysnes, og me skal gjera vårt beste for å visa oss tilliten verdig.

I takksemd og vyrnad!
Tysnes Venstre
V/leiar Torstein Hatlevik

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**