Høg­re skuf­fa over Venst­re

Også den­ne val­kam­pen vart pre­ga av riks­po­li­ti­ka­ra­ne som om det skul­le vore eit stor­tings­val.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Valg 2007

Foto: ukjent

Di­for er det kan hen­de ik­kje så un­der­leg at Ål Høg­re sitt ny­val­de kom­mu­ne­sty­re­med­lem, Åge Øde­li­en, over­fø­rer riks­po­li­tikk til kom­mu­ne­po­li­tikk og mei­ner at det mest naturlege er at Høg­re, KrF og Venst­re bør sa­mar­bei­de også her.
Skildnaden er li­ke­vel stor: Ål har ik­kje inn­ført par­la­men­ta­ris­me. Kons­ti­tu­e­ring av råd og ut­val skjer et­ter val­tek­nisk og ik­kje po­li­tisk sa­mar­beid, der kvart par­ti sø­ker dei bes­te po­si­sjo­na­ne dei kan få. I for­hand­lin­ga­ne i hei­le kom­mu­ne-Noreg opp­le­ver ein man­ge uli­ke kons­tel­la­sjo­nar som vil vere heilt uten­kje­le­ge på Stor­tin­get. Der­som du, Åge t.d. tek ein prat med gam­le­ord­fø­rar Knut Haug, trur eg han kan stad­fes­te at han fekk støt­te m.a. frå so­sia­lis­tisk side då han vart ord­fø­rar.
Eitt av måla til Ål Venst­re i for­hand­lin­ga­ne var at slutt­re­sul­ta­tet må av­speg­le va­let og bli re­spek­tert av vel­ja­ra­ne. Når Frp og Høg­re di­rek­te og in­di­rek­te i val­kam­pen ut­rop­te Venst­re som ho­vud­mot­stan­dar og had­de eig­ne kla­re ord­fø­rar­kan­di­da­tar, og KrF val­kvel­den ut­tryk­te at ei støt­te til Venst­re-ord­fø­ra­ren sat langt inne, var det ik­kje na­tur­leg å kal­le inn des­se til fyrs­te for­hand­lings­møte. SV der­imot har hei­le tida gitt klar støt­te til Dalseide som ord­fø­rar.
Venst­re, Sp og Ap vart òg dei tre størs­te par­tia ved va­let, og det er di­for ik­kje uri­me­leg at des­se fekk lei­ar­ver­va i kvart sitt ho­vud­ut­val, utan at det ligg po­li­tis­ke bin­din­gar i det­te.
Vi val­de å vere opne på kven som vart kal­la inn til fyrs­te for­hand­lings­møte, og ori­en­ter­te både Høg­re, KrF og Frp om det­te. Trist var det di­for å lese at den­ne ori­en­te­rin­ga vart opp­fat­ta som ar­ro­gant av Høg­re sitt nye med­lem i kom­mu­ne­sty­ret. Eg har inntrykk av at sam­ar­beids­kli­ma­et blant po­li­ti­ka­ra­ne i in­ne­ve­ran­de pe­ri­o­de har vore godt. Det vo­nar eg det vil bli også i pe­ri­o­den som kjem. For­de­lin­ga mel­lom par­tia i dei tyngs­te ut­va­la av­speg­lar så vidt eg kan for­stå val­re­sul­ta­tet ri­me­leg godt, der­som Høg­re Frp og KrF er blitt sam­de seg imel­lom i sine for­hand­lin­gar.

Dag­finn Ystad,
med­lem i for­hand­lings­ut­va­let til Ål Venst­re

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**