VALPROGRAM 2007 2011
MILJØ:
Ta vare på friområdet og badestranda på Prestneset/Tangen.
Leggje til rette for bade- og friluftsaktivitetar ulike stader i kommunen.
Arbeide for miljøvenlege måtar til vegvedlikehald vinterstid i staden for salting.
Oppretting av kommunal miljøpris som kan delast ut annakvart år, vekselvis med kulturprisen.
Krav om å leggje nye høgspentliner i kabel/eksisterande tunnellar gjennom dei mest sårbare naturområda.
Krav om fortsatt kommunal råderett over motorisert ferdsel i utmark.
DEMOKRATI:
Kommunen må gjennomgå delegasjonsreglementet og kommunestrukturen på nytt, m.a. for å auke kommunestyrets makt og ansvar.
Arbeide for at Bygland kommune kan bestå som eigen kommune og dermed ta vare på det gode tenestetilbodet i heile kommunen.
KULTUR OG SKULE:
Snarleg oppattstarting av ungdomsklubben på Bygland og auke støtte til andre ungdomstiltak.
Arbeide for å få tilsett kultursekretær i kommunen.
Stø opp om snarleg ferdiggjering av bygdebøkene.
Tiltak for å stø opp under lokalkultur og dialekt- og nynorskbruk i barnehage, skule og anna undervisning.
Nye kulturskuletilbod basert på lokal og folkeleg kultur som t.d. kveding, munnharpespel og leikarring, såvel som internasjonal kultur.
Auke opningstilbodet av symjehallen.
Tilbakebetaling av kommunale avgifter for lokale forsamlingshus, samt lik handsaming av forsamlingshus i kommunen.
Auka tilgjenge til breiband i kommunen.
ARBEID OG NÆRINGSLIV:
Stø opp om og motivere nyetablerarar til å starte opp i Bygland kommune.
Gjere administrasjonen i stand til rask kommunal sakshandsaming av søknader og førespurnader.
Stø opp om næringsfiske i alle delar av Byglandsfjorden.
Ja til småkraftverk og tilstrekkelig utbyggjing av straumnettet for dette.
Bruk av konsesjonslovene når det kan bidra til busetjing på landbrukseigedomar rundt om i kommunen.
Spesielt tilretteleggje for etablering av tilleggsnæring i samband med primærnæringa.
Stø opp om tiltak som kan vidareutvikle Ose som senter i nordre del av kommunen.
Arbeide for at kommunen sitt næringsfond vert nytta til næringsfremjande tiltak og ikkje andre føremål.
Stø opp om arbeidet til grunneigarar som ynskjer å etablere hyttefelt eller leige ut til spreidd hyttebygging.
Stø opp om næringsutvikling av dei store utmarksområda i kommunen.
Kommunen skal halde på aksjane i Agder Energi.
Flyktningar og asylsøkjarar bør ha rett og plikt til å ta praksis i arbeidslivet.
Firma som tek oppdrag for kommunen, må dokumentere at dei fylgjer reglar og tariffar i arbeidslivet.
BUSETJING:
Tilby attraktive byggjeklare tomter i kommunen til ei kvar tid.
Byggjing av ungdomsbustader.
Tilskot på kr. 300.000,- for dei som byggjer nytt hus og flytter til kommunen (med ei bindingstid på 10 år).
Aktivt arbeide med å motivere eigarar av ledige småbruk til å selje til folk som vil busetje seg på desse eigedomane.
Nei til eigedomsskatt bortsett frå på verk og bruk.
HELSE OG OMSORG:
Oppretthalde dei gode tenestetilboda som er opparbeidde i Bygland kommune, særleg med omsyn til sjukeheimsplassar/avlastningsplassar og matombringing. Heimesjukepleien må styrkast slik at folk fortsatt kan bu heime så lenge dei ynskjer.
Aktivt politisk arbeid for å innføre lokal legevakt på nytt.
Bedriftshelseteneste for alle kommunalt tilsette.
VEGAR:
Stenging av Knutsbakk-vegen for bilar straks.
Gang- og sykkelsti frå Grendi til dammen sør for Byglandsfjord og frå Bygland til Nesmoen.
Kommunen må prioritere opprusting av dei kommunale vegane.
Absolutt nei til forlenging av bompengeordninga på Byglandsfjord utover 4. juni 2008.
NYTT RØYSTERETTEN!
VALLISTA FOR BYGLAND HØGRE OG BYGLAND VENSTRE:
1. Olav Neset, Byglandsfjord
2. Olav Grunde Lauvdal, Lauvdal
3. Anne Eikerapen, Byglandsfjord
4. Olav Åsen Haugsgjerd, Grendi
5. Sonja Lien Skjevrak, Bygland
6. Odd Rune Bergmann, Byglandsfjord
7. Kjell Johnny Lundtveit, Langeid
8. Aslaug Simonstad Sitje, Longerak
9. Kai Larsen, Byglandsfjord
10. Malgorzata Kohler, Byglandsfjord
11. Vidar Toreid, Bygland
12. Janne Nomeland, Byglandsfjord
13. Aasulv Lande, Lauvdal
14. Sigurd Solberg, Byglandsfjord
15. Elisabeth Aandahl, Bygland
16. Gunnar Helle, Byglandsfjord
17. Pål Vollen, Jordalsbø
Dei fire første har røystetillegg.