Vi planlegg for 2011 i Evje og Hornnes

Venstre kom ikkje inn igjen i kommunestyret i Evje og Hornnes. I kommunar med direkte ordførarval viser det seg vanskeleg for dei mindre partia utan ordførarkandidat å ha framgang. det klaraste eksempelet er Risør, der Senterpartiet utan den populære ordføraren Lars Lauvhjell gjekk tilbake frå 5 til 1 mandat, mens Venstre med ordførarkandidat Jan Einar Henriksen gjekk fram frå to mandat og 5% til 4 mandat, 13,9% og varaordførarverv dei komande fire åra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Venstre Logo Hamarøy Framtid Pike Optimist Sjarm Jente

Foto: ukjent

I Evje og Hornnes fekk Venstre 36 stemmer, 6 færre enn i 2003, og 44 færre enn til Stortingsvalet i 2005. Evje og Hornnes Venstre blei tydeleg klemt inne mellom den tverrpolitiske bygdelista som byksa inn i kommunestyret med 293 stemmer, 18,4% og 4 mandat. Også ordførar Bjørn Ropstad gjekk kraftig fram og skaffa KrF eit ekstra mandat, mens Evje og Hornnes var ein av dei få kommunane der Arbeidarpartiet gjekk tilbake.

Meld deg gjerne til teneste for Venstre i Evje og Hornnes. Snakk med lokallagsleiar Jan Albert Haagensen eller fylkessekretær Andreas Koch. Meir om Venstre på www.venstre.no.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**