Takk til alle som stemte Venstre i Voss!

Med ein framgang frå 2 til 3 repr. i kommunestyret, og i prosent frå 4.5 til 7.8(!), er vi svært glade over valresultatet, seier leiar i Voss Venstre; Kristian Østrem, og 1. kandidaten; Torstein Gunnarson. Takk til alle som har bidratt til det gode resultatet, og takk til alle som stemte Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Følgjande blei representantar i det nye kommunestyret:
Torstein Gunnarson
Knut Olav Nestås
Rolf Abrahamsen
Varar.:
Anne Jorunn Ryum Møen
Erik Røthe Klette
Jon Arvid Himle
Valborg Kløve-Graue
Sigurd Kvikne Fretheim
Kristian Østrem
Med 3 repr. må Venstre ha eit valteknisk samarbeid med andre parti for å få repr. i underutvale til kommunestyret, dvs. formannskap, Utval for miljø og kultur o.l. Så her vil det koma drøftingar i dagane framover.

Vi takkar for tilliten frå 506 veljarar, og skal prøva å gjera Venstre sin politikk og Venstre synleg i Voss i åra framover!

(Og ja, med 21 fleire stemmer hadde Venstre fått eit 4. mandat!!)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**