Venstre tilbake i kommunestyret

Etter ein periode ute av kommunestyret er Venstre tilbake.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Etter å ha vore inne på målingar frå førehandsrøyster, var håpet stort om at vi faktisk hadde klart å komme attende til kommunestyret.
Skuffelsen var difor stor då vi tysdag morgon fann ut at vi ikkje hadde klart det ved opptelling av resten av valrøystene.

Overraskinga var stor då 1.kandidaten tilfeldigvis oppdaga at Venstre likevel var attende i kommunestyret. Det var via nettsidene til lokalavisa Vestnytt at dette kom fram.

«Eg er super overraska, men veldig glad!» seier nyvald kommunestyrerepresentat Elizabeth Toft Erichsen.

Elizabeth Toft Erichsen

Foto: KLH

«Det er veldig kjekt å vite at veljarar i Sund har stemt på oss, og at det faktisk har lønna seg å gje ei stemme til Venstre i år.»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**