Og så følger de første av de mange verv som skal fordelast mellom og innan partia. Venstre fekk gjennomslag for å gå vekk frå det absolutte prinsippet om gjennomgåande representasjon, eit prinsipp som ville utelukke alle andre enn dei faste bystyremdlemene å ta på seg samfunnsgagnlege kommunale verv. Dette gjennomslaget fører til at langt fleire av Venstres listekandidatar vil få spørsmål om å ta på seg store og små tillitsverv framover.
I dette første møtet bestemte vi at ordførar Torill Rolstad Larsen, Arbeidarpartiet og varaordførar Tormod Vågsnes, kristeleg folkeparti held fram. Vi vedtok at Arbeidarpartiet får to representantar i driftsstyret, KrF, Venstre og Senterpartiet ein kvar.
Vår driftsstyremedlem blir Anne Tørå Solsvik, og Jan Kløvstad blir valt som 1. varamedlem for heile fleirtalskonstellasjonen.
I tillegg får vi medlemer i to av dei tre komiteane, og foreløpig ser det ut til at vi får plass for Anne Solsvik i oppvekstkomiteen (med Dega Abdi Aman som 1. varamedlem) og Jan Kløvstad i komiteen for kultur, miljø og næring (med Lars Thoresen som varamedlem). Sanjin Salahovic, Anne Marit Tørå og Egil Børre Johnsen blir varamedlemer både til bystyret og komiteane.
Vidare skal Venstre finne medlemer av havnestyret, kommuneplanutvalet, representantskapet og styret i Agder renovasjon mm. Marianne S. Lyngvi held fram som styremedlem i Agder renovasjon – som fekk Aust-Agder Venstres miljøpris i valkampen, og Dega Abdi Aman blir medlem av representantskapet i Agder renovasjon.
Litt seinare på hausten er det rundt 20-25 verv som vi vil be medlemene våre om å ta på seg.