Olav Grunde Lauvdal i kommunestyret

18 år gamle Olav Grunde Lauvdal fekk 18 slengarar og blei valt inn i kommunestyret i Bygland, truleg som yngste Venstremedlem på Sørlandet. Olav Neset frå Høgre blei valt inn som førstekandidat, med berre ei einaste stemme meir enn Venstres fremste kandidat. Varamedlemene er i rekkefølgje Anne Eikerapen, Høgre, Olav Åsen Haugsgjerd, Venstre, Vidar Toreid, Venstre, Sonja Lien Skjevrak, Venstrre og Aslaug Simonstad Sitje, Venstre.

Felleslista Høgre/Venstre fekk 15,2% av stemmene og to mandat, og var berre tre-fire stemmer frå å ta tredjemandatet sitt. Arbeidarpartiet med 10,5% klarte med eit naudskrik å få to mandat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Olav Grunde Lauvdal

Foto: Jan Kløvstad

Olav Aasen Haugsgjerd

Foto: Venstre

2. varamedlem Sigurd Åsen Haugsgjerd

Vidar Toreid

Foto: Venstre

3. varamedlem Vidar Toreid, som både fekk mange listestemmer og slengarar og avanserte frå 11. plass til 5. plass.

86 år gamle Pal Vollen stod på 17. plass på lista og kom heilt opp på 11. plassen.

Her er statistikken for toppen av lista:

Bygland Høgre og Bygland Venstre
01 x Neset, Olav, 1955 26.00-33-11-70.00 VALGT
02 x Lauvdal, Olav Grunde, 1989 26.00-25-18-69.00 VALGT
03 x Eikerapen, Anne, 1970 26.00-15-6-47.00 VARA
04 x Haugsgjerd, Olav Åsen, 1988 26.00-8-1-35.00 VARA
11 Toreid, Vidar ,1947 0.00-22-9-31.00 VARA
05 Skjevrak, Sonja Lien, 1969 0.00-10-6-16.00 VARA
08 Sitje, Aslaug Simonstad, 1961 0.00-14-2-16.00 VARA

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**