Venstre i medvind

Lars Sponheim gjer ein framifrå innsats for partiet. Meiningsmålingane er mange stader i landet så gode at vi må tilbake til tida før partidelinga på Røros i 1972 for å finne maken. Det gjeld også i Sogn og Fjordane der siste meiningsmålinga er på 10.7%, til stor inspirasjon for alle tillitsvalde som gjer ein siste innsats for å få tillit hos veljarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Valet handlar om å finne dei gode lokale løysingane. Venstre har mange dyktige folk som arbeider i kommunane for at
miljøet du og dine etterkommarar skal leve i er trygt og berekraftig

oppvekstvilkåra og innhaldet i skulen gir grobotn for utvikling og menneskeleg vekst

dei eldre får ei verdig omsorg når dei treng det

dei mange som vil skape morgondagens arbeidsplassar får høve til å prøve ut ideane sine

Mange av våre førstekandidatar har erklært seg som ordførarkandidatar. Er du på jakt etter å prøve noko nytt er Venstre sine kandidatar verdt å sjå nærare på. Dei representerer ofte ein annan kurs enn dei som tradisjonelt pleier iføre seg kjede etter valet. Kvifor ikkje gje dei ein sjanse?

Fylkestingsvalet er like så spennande for Venstre som kommunevala. Vi har fire mandat i fylkestinget og kan få inn fleire om vi maktar å mobilisere veljarane i innspurten. Vi går til val på at folketalet skal aukast. Difor vil vi satse på å utvikle sentera i fylket, og satse spesielt på kysten. Det er her vi har størst potensiale for vekst. Venstre er aleine om å vere så tydelege i valkampen. Vi er så tydelege fordi vi dei siste åtte åra har prøvd noko anna, og folketalet går framleis ned.

Nokre andre standpunkt vi har med oss vidare er:

Den planlagde kraftlinja gjennom fylket må gå frå Aurland til Ørskog i sjøkabel.

Bompengane i Fatlaberget må fjernast.

Lærarane må få eit utviklingsår.

Meir kan du lese i fylkestingsprogrammet og om våre politikarar på heimesida vår.

Venstre meiner vi må prøve ei ny oppskrift, og vi har synleggjort vår strategi for ny folketalsvekst. Trur du på vår oppskrift er vi takksame om du nyttar Venstre sin røystesetel ved fylkestingsvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**