Nedlegging av grunnskular?

Også i denne valkampen har spørsmål om nedlegging av grunnskular i Voss i komande valperiode kome opp. 1.kandidaten, Torstein Gunnarson, har følgjande kommentar til det «at om
ikkje noko drastisk skjer med elevtal, så er nedlegging av grunnskular ikkje aktuelt for Venstre i komande valperiode».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Færre grunnskular i Voss?
Elise Bøysen etterlyser i «Hordaland » 4.sept. svar frå partia om dei vil la skulestrukturen «vera i fred komande valperiode».

Vi i Venstre er heilt einig i nærskulen/grendeskulane si betydning m a. som sosial møteplass for barn og vaksne og som plass for fysisk aktivitet. Den desentraliserte skulestrukturen er eigentleg ein vesentleg del av den kulturelle identiteten til Vossabygda. Skulestrukturen er slik sentral for levekvaliteten i bygda, og dermed for oppretthalding og utvikling av busetnaden.

Voss Venstre har derfor programfesta at vi vil leggja stor vekt på «å sjå skulestrukturen i samanheng med busetnadsmønster og ønskjeleg framtidsutvikling for bygda».

Venstre var i fjor med på eit kommunestyrevedtak som la visse ramer for korleis einskildsaker om skulestruktur kan behandlast framover. Dette, og valprogrammet vårt, inneber at om
ikkje noko drastisk skjer med elevtal, så er nedlegging av grunnskular ikkje aktuelt for Venstre i komande valperiode.
(Dette innleggetfann dei ikkje plass til i «Hordaland».)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**