Godt val!
Voss Venstre har gjennom innlegg i «Hordaland» prøvd å få fram breidda i valprogrammet vårt. Miljø, oppvekst/skule, arbeidsplassar /næringsliv, sosialt ansvar og kultur står sentralt. Dette er også dei viktigaste sakene for Venstre i fylke og på landsplan.
Det er viktig for oss å sjå einskildsakene i ein brei samfunnssamanheng. Som det eldste, og det sosial-liberale, partiet i Norge, trur Venstre både på personleg fridom og sosialt ansvar. Vi skal vera framtidsglade, engasjerte, ærlege, rause og ansvarlege!
Venstre sine representantar i komande Voss kommunestyre lovar å arbeida – som Kristian Østrem og Rolf Abrahamsen (nr. 4 på lista no) i siste periode – samvitsfullt og skikkeleg med dei ulike saker som kjem opp, og følgja opp det programmet vi går til val på.
Vi ønskjer ein aktiv kommune! Og Venstre kan, som eit parti i sentrum, samarbeida til begge sider i norsk politikk for å få til framtidsretta løysingar i aktuelle saker.
Bruk røysteretten din – delta i valet på måndag!
Beste helsing alle kandidatane på Voss Venstre si liste.
Torstein Gunnarson, 1.kandidat