Vås om veg frå «Stø Bak»

I lesarinnlegg i Øyblikk 6. september angrip Knut Støbakk det han meiner er mangel på
konsekvens og initiativ frå Venstre i spørsmålet om vegen på vestsida av Vigra.
Knut Støbakk demonstrerer i sitt innlegg manglande evne til langsiktig tenking i denne saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


For Venstre er det avgjerande at vi ikkje gjer noko på kort sikt som hindrar oss i å få til dei gode
langsiktige løysingane. Difor har Venstre har hatt både eit kortsiktig og eit langsiktig perspektiv
i planprosessen.

Riksveg 3

Foto: A.Wahl

Venstre stilte spørsmål i kommunestyret ved handsaming av reguleringsplanen for å sikre nok areal til både veg og viltkorridor mellom nordenden av Subsea7 sitt anlegg og utvida sikringssoner for flyplassen. Planane er no blitt slik at det er nok plass til begge deler.

Øvre Vigra ber dei største ulempene med å ha ein flyplass i sitt nærmiljø og vi meinar det er svært
urimelig om «øverøyingane» også må ofre sørestrandvegen. Det er difor svært viktig at sørestrandvegen ikkje no vert stengd for all framtid.

Omlegging av fylkesvegen mot aust sør for Subsea7 sin fabrikk var naudsynt som tilkomstveg
for Subsea7 og samtidig fekk busetnaden ved Gjøsundet trafikken bort frå husa sine.

Når det gjeld Avinor sine planar og framlegg, så er dei avgrensa til nødvendig omlegging av vegar
nær flyplass som følgje av utviding av sikringssonene og det var Venstres leiar i komiteen for tekniske saker som foreslo å sende planen tilbake til Avinor for å få ei betre konsekvensanalyse.

Å få på plass ein ny trase for riksveg til flyplassen er ei langsiktig sak.
Venstre sitt framlegg til ny trase på vestsida av Vigra har følgjande fordelar:

Trafikkbelastinga på søre delar av Vigra (Røysa og Gjøsund) blir kraftig redusert
ved at flyplasstrafikken vil gå gjennom område utan busetnad.

For alle som bur nær riksvegen mellom Gjøsundet og flyplassen vil dette gje sterkt
auka bukvalitet og trafikktryggleik.

Dette vil gjere mogeleg å utvikle store areal i området Røysa-Gjøsund til attraktive
buområde.

Trafikken til flyplassen kan gå uhindra i 80-sone frå tunnelmunninga på Ytterland
til flyplassen.

Store område sør for Vikane kan brukast til industri og næringsformål utan at
trafikk ut frå Vigra eller til den nye hamna på Gjøsund medfører trafikkbelasting
for noko bustadområde

Å få til nye vegløysingar krev planlegging, politiske vedtak i Giske kommune, og langsiktig
uthaldande arbeid frå ordførar og andre inn mot dei som prioriterer vegmidlar.

Venstre har i denne perioden hatt leiaren i samferdselsutvalet i fylket.
Det bør Knut Støbakk og Giske kommune vere svært glade for.

Når ordføraren stiller spørsmålsteikn ved om Giske Venstre har hatt kontakt med fylket
vedrørande finansiering av vegar i kommunen, vil vi minne om at Alnestunnelen vart realisert
på rekordtid mellom anna fordi nettopp Venstre foreslo ei finansieringsløysing som gjorde dette mulig!

GISKE VENSTRE

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**