Frivillig barne og ungdomsarbeid i Klepp

Klepp Venstre ynskjer setja søkjelyset på litt av det flotte frivillige arbeidet som vert lagt ned i lag og organisasjonar for barn og unge i Klepp kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av: Anne Jorunn Friestad

På Klepp har vi ein svært godt etablert fritidsklubb – AXIS – som byggjer opp om mange av dei interessene ungdommane har. Klubben fangar opp så vel "organisert" som uorganisert ungdom og gjev dei eitt godt tilbod der alternativet i nokre tilfelle er “hengja rundt” på gatehjørne og parkeringsplassar. Her er ungdommen sjølv med på å skapa tilbodet. Siste "skotet på stammen" er "Team Traktor". Ein flott ide’, og unikt i Noreg.
Det er mange gode og veldrivne idrettslag i kommunen vår. Klepp idrettslag har, i følgje eigne tal, over 30 ubetalte årsverk i løpet av eit år. Langt over hundre føresette er engasjerte som lagleiarar og trenarar. Dugnadsviljen er minst like stor i mange av dei andre idrettslaga i kommunen. Det yrer av liv alle stader på ettermiddag og kveldstid. Kulturskulen og ei rekke andre organisasjonar gjer at mangfaldet er utruleg stort. Ikkje alltid lett for dei som skal velja og vraka.
Nye flotte idrettsanlegg har kome til i rask rekkefølgje dei siste åra. Nemnast kan ny hall på Kåsen, kunstgrasbane på Orstad og i Verdalen, BMX bane og snart ny stadion på Klepp. Alle som følgje av vilje og evne til å nytta alle ressursar som måtte finnast i laget. Kleppsbuen har sett at ein må yta litt for å skapa eit stabilt og godt ungdomsmiljø. Slik viser ein at ein tek eigne og andre sine barn på alvor.
I kvart lag er det enkeltpersonar som gjer mykje meir enn nokon skulle forlanga.
Tolegrensa er i mange tilfelle nådd. Dette er ofte ein "hårfin" balansegang. Klepp treng politikarar som ser kvar "skoen trykker".
Klepp Venstre vil arbeida for å styrka lag og organisasjonar økonomisk. Ikkje ukritisk, men på ein måte som gjev "vinn vinn" for begge partar over tid. Men dersom økonomisk støtte fører til at den frivillige innsatsen fell, er vi like langt.
Det er mange "små grep" som gjev stor vinst. Men ein må vita om dei. Her har lag og organisasjonar sjølv ei oppgåve.
Ein stemme til Venstre er støtte til frivillig barne- og ungdomsarbeid i Klepp!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**