Frå Pompel og Pilt til mangfald!
Min generasjon likar ofte å kalla seg Pompel og Pilt-generasjonen, og det er kanskje ikkje så rart. Me hadde ein fjernsynskanal i svartkvit og Pompel og Pilt var på barne-tv.
Utanom det var fritidsaktivitetane våre skulekorps, friidrettstrening eller speidar. Ein og anna søndag var det kino, og om vinteren var det skirenn. Desse aktivitetane var med på å forma oss som menneske og utviklinga me har hatt seinare i livet. Dei fleste av aktivitetane vart drivne av frivillige lag og organisasjonar som idrettslag, husmorlag og ungdomslag.
Alle såg dei same fjernsynsprogramma, og me hadde dei same referanserammene. Dei verkeleg avanserte høyrde på den siste musikken via Radio Luxembourg, mens datamaskiner var noko me knapt hadde høyrt om.
I dag er verdsbiletet heilt forandra. Utviklinga går så fort at datamaskina du kjøpte for tre år sidan alt er blitt for gamal, dei yngste generasjonane veit alt om Facebook, MSN og SMS, medan svært mange av dei eldre generasjonane ikkje ein gong veit kva det dreiar seg om.
Verda er blitt mindre og påverknaden frå utlandet vert stadig sterkare.
I ei verd der ein stadig oftare møter andre kulturar er det viktig å vera trygg på og kjenna sin eigen kulturelle bakgrunn. Det er viktig at kulturen speglar det samfunnet me lever i.
Venstre vil difor ha ein kulturpolitikk som tek vare på det særeigne i den norske kulturen samstundes som me er medvitne på at me er ein del av eit internasjonalt fellesskap.
Mykje av det kulturelle arbeidet rundt om i kommunane vert gjort av frivillige lag og organisasjonar. I reiselivet satsar ein og på kulturbasert reiseliv, det er lokale prosjekt drivne av einskildpersonar og i samarbeid mellom mange ulike aktørar.
Eit av dei første møta dei fleste unge har med kulturen er gjennom Den kulturelle skulesekken. Dette er ei ordning Venstre i si tid var ein pådrivar for. Gjennom denne ordninga opplever og/eller deltek dei unge sjølve i aktivitetar som teater, konsertar eller kunstutstillingar. Dette har i mange tilfeller gitt den lokale kulturen ei oppbløming gjennom at deltakarane sjølve vert aktive utøvarar.
Idrettslaga er viktige hjørnesteinar i lokalsamfunna. Venstre ynskjer å sikra mangfaldet i idretten og særleg tilboda til barn og unge. Tilskota som vert gitt til idretten må derfor stø opp om det lokale mangfaldet framfor store sentraliserte prosjekt. Nærmiljøanlegga rundt om i kommunane vert ofte også brukt til eigenorganisert leik og fysisk aktivitet av barn og unge.
Nynorsken er ein viktig del av identiteten vår. Nynorsk og bokmål er likestilte skriftformer og må vera det i framtida og. Sidemål må ikkje kunne veljast vekk. Likestillingspolitikken for nynorsk og bokmål må også gjelda ved innkjøp av ny teknologi.
Venstre vil:
Ha ei tilskotsordning til kulturlivet som sikrar rekruttering og premierer aktivitet.
Halde på ordningane med bokbåt og bokbuss.
Ha skattefritak for gåver til kulturelle formål slik det er for gåver til frivillige organisasjonar.
At den kulturelle skulesekken også omfattar dei vidaregåande skulane og barnehagane.
Prioritere aktivitet, barn og unge og nærmiljøanlegg ved fordeling av tippemidlane.
At dei vanlegaste dataprogramma skal finnast på både nynorsk og bokmål.
Marta Kvikne, Balestrand 5. kandidat for Venstre