Hei kompis – her er jeg!

Denne overskrifta er henta frå «sommarplaga» til Trang Fødsel, og er overskrifta på eit lesarinnlegg frå dei unge på Venstrelista i Voss i lokalavisa «Hordaland» 6. sept.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Enkelte som les overskrifta kjenner den kanskje igjen frå «sommerplaga» til Trang Fødsel? Songen handlar om det å kome heim igjen.

ungdom

Foto: mk

Det å verkeleg kome heim igjen, ingenting er så bra som det. Det å høyre til og å kjenne det på kroppen når ein er heime, er overveldande for oss kvar gong me kjem til Voss etter å ha vore borte. Voss har merka oss unge for livet, og me ynskjer å prege Voss, no og i framtida.

Kva kan me unge bidra med? Jo, pågangsmot og optimisme. Og til tider så kan det verke som om Voss treng MYKJE av dette. Når me snakkar med folk i valkampen, så synest me enkelte har feil fokus; dei etterspør politisk/administrativ vilje til utvikling.

Folkens! Ein ting er kva samfunnet skal gjere for deg, men kva kan du gjere for samfunnet? Vil me ta ansvar for kvarandre? Det er det dette handler om!

Kan me ha mot nok til å tru at Voss er attraktivt for fleire enn «urbefolkningen»? Har me trua på å tiltrekke oss «utflyttarane»(les:unge studentar)?

Me kan og me skal bli regionsenter for indre strok på Vestlandet! Men då må me følgje opp visjonen til Voss kommune. Det skal vere ein god plass for alle. Me gjer det mykje enklare for oss sjølve, når me trur på det, og tar dagens utfordringar med smil og framtidsoptimisme.

Kvinne

Foto: Microsoft

I Venstre likar me å snakke om våre liberale prinsipp. I denne samanheng vil me vise til vårt tiande prinsipp: «Liberalismen er optimistisk og alltid undervegs: Venstres optimisme er grunnlagt på ein sterk tillit til menneska si skaparkraft, og ei tru på at det i fellesskap er mogeleg å leggje grunnlag for frie liv, overalt – for alle.»

Godt val, sambygdingar!

Dei unge på Venstrelista: Knut Olav Nestås 2.kandidat, Erik Røthe Kleppe (5), Kirsten Møen Thorseth (9), Erlend Rongen (24), Astrid Gaukstad (29)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**