Fylkesleiar Atle Winjum skriv

at valet gjeld dei gode løysingane for kommune og fylke

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre er det liberale alternativet i norsk politikk, og er uavhengig av næringsinteresser og utan bindingar til interesseorganisasjonar. Venstre står for openheit, toleranse, respekt for enkeltmennesket og fridom under ansvar. Venstre vil fjerna unødvendige reguleringar og byråkrati, men styrka dei tenestene som skal hindra at enkeltpersonar fell utanfor.
Valkampen vil nok i år også verta prega av sentrale rikspolitiske saker. Sjølvsagt er desse sakene viktige for oss alle. Men skal den sentrale politikken fungera, er det viktig at det vert gjort fornuftige avgjerder på lokal- og fylkesplan. For å løysa behova innan udanning, omsorg og arbeidsmarknad, er det avgjerande at løysingane vert skapte ut frå dei lokale behova. Det er dei fornuftige lokale løysingane valet gjeld i år.
Venstre byggjer politikken på tillit til enkeltmennesket og ynskjer difor at makta skal sitja så nær veljarane som råd. Det har lenge gått ein diskusjon om samanslåing av fylka til store regionar. Venstre meiner generelt at avgjerdsmynde må flyttast nedover, og ikkje oppover og vekk frå veljarane. Venstre ser fylkessamanslåing som ei utvikling i feil retning. Venstre vil i staden å styrka fylket med overføring av meir mynde frå statlege organ. Sjukehusa vart tekne vekk frå fylkeskommunal styring, og lagt over i statlege helseføretak, noko som neppe kan oppsummerast som ein stor suksess. Fylkeskommunen må få ansvaret att!
Sogn og Fjordane har ein dramatisk natur, som eignar seg både for kraftproduksjon og til rekreasjonsområde og turisme. Det er ikkje å undra seg over at det nettopp i vårt fylke kjem til strid om store kraftliner. Alt på årsmøtet i fjor gjekk Sogn og Fjordane Venstre inn for at nye overføringsliner måtte byggjast med teknologi som skånar natur og miljø. Med dei verdiane som ligg i vasskrafta, må det i dag gå an å leggje overføringsliner i sjøkabel framfor å leggje beslag på meir natur enn det som allereie har vore nytta til kraftproduksjonen. Fylkesting og kommunestyra vil og i kommande periode verta viktige arenaer for slike saker.
Godt val !

Atle Winjum

Foto: Valavis 2005

Atle Winjum — Leiar Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**