Auka tilslutning i Voss!

Både ei lokal meiningsmåling og resultata på skulevala viser framgang for Venstre i Voss!
«Svært gledeleg», seier leiaren i Voss Venstre; Kristian Østrem. «No må vi tøya oss mot mandat nr. 4!»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Valg 2007

Foto: www.valg.no

Ved ei lokal meiningsmåling i Voss i sist veke fekk Venstre 7,1% Dette er klar framgang frå valet i 2003, og ville gje Venstre 3 mandat i kommunestyret, mot 2 no.
Og ved prøvevala på dei vidaregåande skulane på Voss denne veka, gjekk Venstre fram over 3 % frå sist, og enda på 8,9%!!

«Dette gjev inspirasjon,» seier Kristian Østrem, leiar i Voss Venstre. «No gjeld det at alle Venstreinteresserte møter fram og røystar Venstre, og at alle tar kontakt med minst 5 personar kvar om å gjera det same!»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**