Frivillig sektor gjer ein stor innsats for fellesskapet. Dei mange som nyttar kreftene sine for at andre skal ha det bra og utvikle seg som menneske er ein føresetnad for at vi skal kunne leve og velje kva som er vårt gode liv. Difor vil Venstre heve grensene for avgiftsfritak for arbeidsgivaravgift for frivillige organisasjonar frå 300.000,- kroner til 450.000,- kroner og auke skattefrådrag ved gåver til frivillige organisasjonar til 15.000,- kroner.
Marta Kvikne, 5 kandidat for Sogn og Fjordane Venstre