Venstre meiner at dokumentavgifta bør fjernast. Det vil medverke til forenkling og gjere skatte- og avgiftssystemet meir rettferdig. Staten tek inn fleire milliardar kroner i året på ¬dokumentavgifter. Desse inntektene står ikkje i forhold til utgiftene staten har med å utføre dokumentarbeidet. Dette misforholdet har auka vesentleg med prisgaloppen på bustader dei siste åra. At burettslag slepp slike avgifter forsterkar uretten i skatte- og avgiftssystemet.
Venstre meiner det er på tide at regjeringa følgjer opp ¬lovnadane sine om at offentlege gebyr ikkje skal overstige kostnaden det offentlege har med dokumentarbeidet.
Svenn Øvrebø, Askvoll 4. kandidat for Venstre