Sats på Førde Lufthamn!

Eit framtidig godt og tenleg flytilbod på Førde Lufthamn er svært viktig for næringslivet og innbyggarane i Fjaler. Å vidareutvikle flyplassen på Bringeland vil også vere avgjerande for framtidig knoppskyting og ny-etableringar i kommunen vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Førde Lufthamn har dei siste åra hatt ein jamnleg auke i trafikkgrunnlaget, og enkelte "populære" avgangar kan vere vanskeleg å få plass på om ein ikkje tingar god tid i førevegen. Med denne utviklinga synest eg diskusjonen om å samle alle flyplasstenestene for Sunnfjord og ytre Sogn i Florø, vil vere ei dårleg løysing for næringslivet både i Fjaler og i omliggande kommunar. Avstandene blir store og reisetida lang. Då kan Flesland med fleire avgangar og destinasjonar vere eit vel så bra alternativ.

Det å kunne nå marknad og kundegrupper, sentrale fagmiljø og samarbeidspartnarar raskt og enkelt, blir stadig viktigare når målet er å utvikle av eit offensivt og framtidsretta næringsliv i utkant-Norge. På min eigen arbeidsplass — Elis AS i Dale — vart det til dømes i 2006 nytta ca 650 flygingar mellom Oslo og Førde. For dei reisande hos oss er det i tillegg veldig viktig med god regularitet for å kunne korrespondere med andre reisemål — utan å måtte vente mange timar på Gardermoen. Det seier det seg sjølv at det kan spøke for Elis si framtid i Fjaler dersom tilbodet på Bringeland blir vesentleg redusert eller lagt ned.

Eg oppmodar difor Avinor — i sine langsiktige planar og strategiar — om å satse vidare på Førde Lufthamn. Likeså må Avinor ha som målsetting jamleg å kunne oppgradere og modernisere den tekniske instrumenteringa på flyplassen. Dette vil ivareta tryggleiken og gi høg regularitet. I neste omgang vil dette resultere i auka nyttegrad og større inntekter.

Når det gjeld dei politiske utfordringane den komande valperioden, lovar Fjaler Venstre å stø opp om og tale Førde Lufthamn si sak overfor sentrale politiske organ — dersom det på ny skulle bli skapt tvil og uvisse om det viktige flytilbodet på Bringeland.

Johnny Haugsbakk
3. kandidat for Fjaler Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**