For bønder i fattige land, er det ikkje sjølvsagt å få dekke grunnleggjande behov som tilgang på mat, reint vatn, medisinar og skulegang for borna. Mange fattige bønder er avhengige av å selje varene sine på verdsmarknaden. Ofte er prisane så låge at dei ikkje eingong dekker produksjonskostnadane.
Fairtrade arbeider for at internasjonal handel skal forgå på et berekraftig grunnlag som set menneske i stand til å leve, ikkje berre overleve. Fairtrade betalar derfor alltid ein garantert minstepris som gjer at bøndene klarer seg, også i tider med svært låge prisar.
Det er et stort behov for utvikling i mange fattige land. Derfor blir det gitt ei ekstra betaling, i tillegg til den garanterte minsteprisen, når det blir handla innanfor Fairtrade-systemet. Desse pengane vert sette av i et eige fond som vert forvalta av bøndene og arbeidarane sjølve. Dette gjer at utviklinga skjer på deira egne premissar. Gjennom fondet vert det investert i prosjekter som skal fremje sosial og økonomisk utvikling i lokalsamfunnet. Desse ekstra pengane, har gjort det mogeleg å bygge vegar, helsestasjonar, nye bustader og skular.
Giske Venstre meiner rettferdig handel er ein god måte å hjelpe dei som treng det mest. Vi ønskjer at Giske kommune og innbyggjarane også gjennom sin handel skal vere med å ta ansvar for utvikling blant fattige i u-land. I dette ligg det at kommunen arbeider aktivt med å auke kjennskapen til og forbruket av Fairtrade-merka produkt her i Giske. Kommunen må gå føre ved å gjere vedtak om å støtte Fairtrade, og å servere Fairtrade-merka kaffi og te til dei tilsette og i møte. Fairtrade-merka produkt må brukast i skulane og i andre kommunale verksemder. Giske Venstre ønskjer å leggje til rette for at innbyggjarane og bedrifter i det daglege skal kunne støtte dei fattigaste i utviklingsland. Derfor vil vi arbeide for at kommunen vår skal bli ein rettferdig-handel kommune.
Interpellasjonen er sendt ut til kommunestyremedlemmane saman med sakspapira til kommunestyremøtet, og interpellasjonen kan du lese her: