Like heimetenester i Fjaler

Av Gudmund Solheim, 1. kandidat for Fjaler Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det er ei kjennsgjerning at omfanget av heimetenestene i Fjaler er ulike — alt etter kvar du er busett i kommunen. Venstre synest dette er lite tilfredsstillande. Vi ynskjer difor å få sett denne saka på den politiske dagsordenen i neste periode med sikte på å finne ei betre ordning – innafor realistiske økonomiske rammer.

Fjaler Venstre vil på ingen måte vere med på å svartmale tenestenivået i bistand- og omsorgssektoren i kommunen. Jamnt over er desse tenestene rimeleg godt utbygde i Fjaler. Og kommunen har mange dyktige medarbeidarar som verkeleg står på og gjer ein god og viktig arbeidsinnsats.

Men det er eit tankekors at det – trass i den store omorganiseringa i helsesektoren hausten 2005, framleis står hjelpetrengande brukarar i yte Fjaler og i Guddal utan tilbod om heimetenester verken på kveldstid, om nettene, eller i helgane.

Dette kan vi ikkje vere nøgde med. Difor vil vi tilrå at ei eiga arbeidsgruppe samansett av politikarar, administrasjon og representantar frå dei tilsette skal få i oppdrag å vurdere organiseringa av heimetenestetilbodet — og kome med mogelege forslag til forbetringar. Særleg viktig vil det vere å få dei tilsette aktivt med i prosessen dersom vi skal finne kreative løysingar og gode framlegg til betre organisering.

Venstre meiner dette arbeidet må kunne gjerast innafor retningslinjene til gjeldande bistand- og omsorgsplan. Diverre vil Fjaler kommune måtte leve med stram økonomi også den komande perioden. Det er såleis ikkje realistisk å tru på særleg stor budsjettauke i BIO-sektoren. Likevel meiner vi at det er på sin plass å gripe fatt i denne saka – og at vi i fellesskap gjer eit ærleg forsøk for å sjå om det er mogeleg å få til like heimetenster i Fjaler. Det skuldar vi både dei som har trong for slike tenester — og deira pårørande.

Kontakt Gudmund Solheim

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**