Oddvar B. Høyland (47) står på 5 plass på Venstrelista
Han er gift, har 2 born og bur på Nærbø. Er i dag kanskje mest kjend som han med den breie jærske stemmen i Laust og Fast på Lokalen annankvar fredag. Arbeider nå som salskonsulent og har tidligare vore tilsett i 4H i Rogaland, på Jærmuseet, i Stavanger Kommune og i Nærbø Idrettslag.
Oppteken av kultur, idrett og sjølvsagt politikk .. Og likar å laga god mat og drikke i fritida.
Spør den mannen om kvifor frivillige organisasjonar og idrettslag treng meir støtte ein dag du har god tid, så har du samtaleemne lenge.
Den som har begge beina godt planta på jorda står stille, seier Oddvar og han meiner det.
Mindor O. Hatlegjerde (47) står på 6 plass på Venstrelista
Mindor er på tross av det jærske førenamnet ein lun og triveleg innflyttar frå Nordfjord i Sogn og Fjordane. Utdanna ingeniør og har arbeidd først i landbruksindustrien på Jæren og nå i oljeindustrien i ulike oljeselskap. Er aktivt friluftsmenneske, ikkje minst som jeger og set stor pris på eit godt miljø og ein frisk natur.
Jan Ove Grude (65) står på 7 plass på Venstrelista
Jan Ove bur i Sirevåg men kan vanskeleg lura seg unna ein oppvekst i ein store by lenger nord på Jæren. Han er utdanna siviløkonom og ingeniør, har vore direktør I Statoil fram til 1993 og seinare prosjektdirektør under OL I Lillehammer. Er i dag delvis uføretrygda men underviser litt på universitetet I Stavanger og har nokre konsulentoppgåver både for det offentlege og for private firma.
Terje K. Njærheim (35) står på 8 plass på Venstrelista
Han er gift, har 3 born og bur på Njærheim. Terje klarer det meisterverket å kombinera det å driva eit småbruk med det å vera politimann. Nå vil kanskje nokre hevda at begge desse yrka får løn frå staten, men den godtar han ikkje så lett. Han er ny i lokalpolitikken men er levande oppteken av ungdomspolitikk, oppvekstvilkår og av miljøpolitikk.