Eit best mogleg samfunn for alle — også for dei eldre

Eg valde Venstre for at dei kjempa fram eit reelt og levande folkestyre/demokrati.
Eg er hellig overbevist om at demokratiet gir det beste samfunnet – lokalt og sentralt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Eg meinar at demokratiet er ei frukt frå kristendomen — Mat 20, 25-28. Fritt oversatt: "Leiarane i samfunnet skal vere folket sine tenarar — ikkje herskarar". Leiarane vert folket sine tenarar når dei vert valde av folket ved frie val.

Jon Hildre

Jon Hildre
Foto: Ove Paulsen

Mitt lodd i lokalpolitikken vart 12 år i komiteen for helse sosial og omsorg. Dei 6 siste åra som nestleiar og leiar. Første perioden kjempa Venstre for omsorgsbustader på kvar øy ved aldersheimane og ny senil dementavdeling på Vigra sjukeheim. Venstre og Høgre foreslo i fellesskap at vi skulle vurdere ny sjukeheim på Valderøya når vi fekk erfaring med drifta av dei nye omsorgsbustadane.

I neste periode var Venstre sterkt imot å bygge om aldersheimane til omsorgsbustader og støtta KRF sitt forslag om å bygge ein ny sjukeheim med 20 plassar på Valderøya. Seinare var sentrumspartia saman om å klage på avslaget frå fylket om nye sjukeheim på Valderøya. Fylket grunna sitt avslag med at sjukeheimen ikkje stod i eldreplanen og at kommunen ikkje hadde økonomi til å bygge og drifte 20 nye sjukeheimsplassar.

I denne perioden tok Venstre initiativet til ei rullering av eldreplanen for å få denne i samsvar med politiske ønske. Eldreplanen konkluderte med eit nytt omsorgssenter på Valderøya med 20 plassar — demente og korttids/rehabiliteringsplassar — og eit servicesenter som skulle tene også eldresenteret og dei andre omsorgsbustadane i området.

Både omsorgsplanen og det nye omsorgssenteret har gått gjennom omfattande demokratiske prosessar for å finne fram til dei beste løysingane. I kommunestyret vart det bestemt at vi skulle samle dei tyngste somatiske brukarane på Valderøya og bruke den gamle sjukeheimen på Vigra til nye senil demente plassar med sansehage/vandrepark.

Venstre ynskjer valfridom i eldreomsorga. Vi vil legge til rette slik at dei eldre skal få bestemme over sin eigen livssituasjon lengst mulig. Vi trur at dei eldre ynskjer å bu lengst mogleg i sitt heimemiljø, derfor ynskjer vi gode tilbod på alle øyane. Valderøya har hatt det dårlegaste tilbodet for resurskrevjande brukarar og mangla eit tidlegare vedtatt servicesenter. Venstre ynskjer ikkje at vi bygg så stort på Valderøya at dei eldre på dei andre øyane skal miste sin valfridom og tvangsflyttast til Valderøya, men vi vil at også dei resurskrevjande brukarane frå Valderøya skal få bu i sitt heimemiljø.

Venstre vil sette menneskeverd framfor pengeverd i eldreomsorga. Når vi har bygd det nye omsorgssenteret på Valderøya vil vi bruke bukollektiva på kvar øy til å styrke heimetenesta — avlastingsplassar, korttidsplassar og dagplassar. Slike fleksible plassar kan hjelpe dei eldre til å få bu lengre heime. Venstre ynskjer at dei eldre skal vere ein naturleg del av sitt lokalmiljø lengst mogleg og ikkje flyttast hit og dit som ein "pakkepost" og ikkje "stuast vekk" på store sentrale institusjonar for å spare pengar.

Eg ynskjer å takke veljarane for tilliten og politikarane for mange friske og gode diskusjonar for å finne fram til gode løysingar. Det har vore meiningsfulle og givande år og eg vil takke dei nye listekandidatane som vil bere folkestyret vidare — lukke til. Ei ekstra takk og beundring til dei tilsette som gjer ein god jobb tross stramme økonomiske rammer. Saman kan vi skape eit best mogleg samfunn for alle.

Jon Hildre
Giske Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**