Det skal vera enkelt å vera næringsdrivande i Odda

Som den rike kraftkommunen vi er, er det ei skam at vi er under fylkeskommunal kontroll. Vi ønskjer alle mest att for skattepengane våre. Ved effektivitet og god økonomistyring vil ein også på sikt få meir midlar til viktige oppgåver for kommunen seier Eivind Tokheim, Odda Venstre sin fjerdekandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

EivindTokheim

Foto: Signe Kråkevik

Med å stemme Venstre kan du hjelpe fram Inge Børslien som ny ordførar i Odda Kommune. Han har gjennom arbeidet sitt som leiar av Folkeaksjonen for Jondalstunnelen og arbeidet i kommunestyret dei 4 siste åra vist seg som ein handlingssterk mann som arbeider til det beste for Odda.

Venstre vil setje fokus på den økonomiske politikken i Odda Kommune. Som den rike kraftkommunen vi er, er det ei skam at vi er under fylkeskommunal kontroll. Vi ønskjer alle mest att for skattepengane våre. Ved effektivitet og god økonomistyring vil ein også på sikt få meir midlar til viktige oppgåver for kommunen.

Venstre vil setje fokus på vedlikehald. Vegar, bygg og idrettsanlegg treng sårt opprusting. Å bevare det ein har forsvarleg er i lengda den beste måten for å oppnå mest effekt av midlane våre.

Venstre vil at Odda Komm une skal vera ein positiv medhjelpar for både nyetablerarar og eksisterande næringsliv. Det skal vera enkelt å vera næringsdrivande i Odda. Kommunen skal skal ha fokus på løysingar og mugegheitar.

Venstre seier ja
til turistmesatsing i Odda. Då er det sjølvsagt at Odda Kommune søkjer om å få typisk turiststatus for heile kommunen. Som initiativtakar og arkitekt bak søknaden om å få Skare og Røldal til å bli typiske turiststader, kan eg som einaste i Odda Kommune uttale meg om kva verknader det har. Det bør vera opp til dei næringsdrivande å finne ut av dette, og ikkje politikarane i Odda og LO å seie nei ved ikkje ein gong å søke om slik status. Skal vi tene pengar på turisme, må vi vera tilgjengelege når turistane er her. For butikken i Skarsmo er dette aktuelt i påske og sommarferie. Skal ein tene pengar på søndagsope, må ein ha meirsal, og meirsal får ein når turistane er her. Venstre er trygge på at dei næringsdrivande i Odda sjølve ka ta slike val.

Venstre vil fortsatt satse på kultur i Odda, men vil på sikt dreie meir av midlane mot dei frivillige laga i kommunen og støtte deira enorme arbeid for barn og ungdom i kommunen.

Venstre seier "både og" framfor "enten eller". Vi trur vi kan få til både næringsutvikling og anna positiv utvikling med Unesco-status. Ved å seie nei går vi glipp av ein eineståande sjanse, seier vi ja og det viser seg at vi tar feil, kan vi angre i ettertid.

For eit nytt og positivt Odda, stem Venstre !

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**