Verst er administrasjonen som driv med negativ sakshandsaming og så er det nokre andre politikarar som er paragrafryttarar. Det er rett og slett mykje motgang og mørke tider. Fylkesmannen får til og med uttala seg før ei sak skal opp og han kan påverka politikarane negativt – huttetu!
Høgres ordførarkandidat er sjølv kommunal administrator og burde kjenne spelereglane, men
ho insinuerar at viss det berre blir nok høgrefolk i kommunestyret blir spelereglane også som nye og alt blir positivt og enkelt.
Ho "gløymer" at dei fleste spelereglane er bestemt av Stortinget, som er folkevalt. Ho "gløymer" at kommuneplanen er vedtatt av kommunestyret som er folkevalt. Ho "gløymer" at administrasjonen sitt oppdrag er å setja den vedtekne kommuneplanen ut i livet.
Ho "gløymer" også at det berre er politikarane som har stemmerett i kommunestyret. Administrasjonen gjer aldri endelege vedtak. Det er dei folkevalde som bestemmer.
Me folkevalde må endre kommuneplanen slik me vil ha han, då blir det enkelt.
Difor foreslo til dømes Venstre v/ordføraren i kommuneplanutvalet at me endrar kommuneplanen slik at restaurering av stølsbuer kan gjerast utan dispensasjon. Då blir det enkelt, Torhild!
Syting og klaging kan kanskje gjera seg i ein valkamp, men det hjelper ikkje innbyggjarane. Ta heller i bruk den makta du har som folkevalt, Torhild!
Ei stemme på Venstre er ei stemme på ryddige forhold mellom administrasjonen og dei folkevalde.
Godt val!
Torleif T. Dalseide
1.kandidat, Ål Venstre