I Hå er det pga lange avstandar mest aktuelt å ha ulike ungdomstiltak i kvar bygd i staden for ein sentral ungdomsklubb og det var breid politisk enighet om dette. Likeså støtte til ungdomsråd og at ein ville vurdera at dette skulle få høyringsrett i lokale ungdomssaker.
Venstre framheva satsinga si på miljøpolitikk og kollektivtraffikk og fekk god respons fra dei unge tilhøyrarane på dette. Eit godt fungerande jernbanetilbod er særs viktig for at ungdommane skal kunna ta seg fra i ein kommune med fleire bygder slik som i Hå og ordføraren lova å ta denne saka opp med NSB på eit møte allereie i neste veke.
Albert Moe lanserte også eit forslag om at ungdomsskuleklassar kunne få kompensasjon av kommunen for å påta seg ryddeoppgaver, særleg etter ulike ungdomsarrangement. På den måten kan elevane sjølv bli i stand til å spara opp penger til skuleturar eller andre sosiale tiltak.
Venstre varsla at vi vil foreslå ein eigen budsjettpost til slike småoppgaver. Dette forslaget blei særs godt motteke både av dei andre partia og av ungdommane sjølv.