Venstre meiner at bompengar gjeld meir enn veg

Det er lett å skjøne at folk i Norhordland meiner dei har betalt nok bompengar. Men Nordhordlandsbrua har ført med seg langt fleire bilar på vegar som alt frå før var for dårlege. Mange stader er trafikktryggleiken så dårleg som den kan bli! Det er naudsynt med eit krafttak for å betre framkommelighet og tryggleik, seier Bjørg T. Murberg, Jan Tore Hvidsten, Sølvi M.Mangerøy og Anne B.Brattetaule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Radøy Venstre

Foto: KØT

Venstre er opptatt av at trafikken må kunne komme raskare fram, og at tryggleiken skal bli vesentleg betre. Vi lyttar til næringslivet som seier at betre vegar er heilt naudsynt. Som kommune er vi heilt avhengige av eit næringsliv som som fungerer og veks. Vi veit at ei viktig næring i framtida er turistnæringa. Den er i høgste grad avhengig av at vegnettet fungerer. Dette bidrar til inntekter som kommunen treng for å oppretthalde eit godt tenestetilbod til innbyggjarane. Dette er også viktig med tanke på tilflytting, eit anna moment som kommunane treng. Vi veit at nei til bompengar er nei til betre vegar før dagens skuleborn er blitt forelder sjølv, eller kanskje endog besteforeldre.Det vil sjølvsagt bli løyvd midlar til vegar også utan bompengar. Men den samla summen vil bli langt mindre, og stat og fylke vil nok lett sjå til dei som er villige til å betala noko sjølv.

“Me betaler nok”, seies det. Sant nok, men er det sikkert at det vert så mykje meir? Bomstasjonen for Nordhordlandspakken skal innarbeidast i bompengeringen som allerede er. Då er det slik at betalar du ein stad, går det ein time før du vert belasta for ei ny passering. Altså ikkje ein ekstra bom for pendlarar som skal frå Nordhordland til Bergen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**