Legekontor utan avvik ?

Kvalitetsutvalet for helsesektoren i Ål har vore i funksjon i tolv år.
Etter lovbehandling i Stortinget vedr. pasientrettar og kvalitet i helsevesenet, oppretta Ål på midten av 90-talet eit utval for å sikre kvaliteten i helsesektoren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Helse

Foto: allekvinner.no

Kvalitetsutvalet er i dag samansett av personar frå helseadministrasjonen, m.a. kommunelege 1 og to politisk valde representantar.
Ved opprettinga vart det samtidig laga skriftlege meldesystem på alle avdelingane i organisasjonen for m.a. å registrere avvik i systemet. Avvika med eventuelle forbetringstiltak skal rapporterast vidare til kvalitetsutvalet. Alvorlege tilfelle av feilbehandling / ulykkestilfelle blir innrapportert til fylkeslegen.
Opprettinga av utvalet var særs viktig, for målet var å gjere helesetenestene betre.

I løpet av tolv år er det kome aviksmeldingar frå mest alle avdelingane til kvalitetsutvalet. Det syner at systemet verkar.
Legekontoret derimot har ikkje sendt eventuelle avvik vidare. Legekontoret har heller ikkje formelle skjema eller retningsliner synlege for brukarane, om dei skulle ha noko å klage på, trass i oppmoding frå medlemer i kvalitetsutsvalet gjennom mange år, m.a. underteikna.
Venstrerepresentant Sissel Urke tok opp saka att i siste møte i kvalitetsutvalet og orienterte vidare Sektorutvalet for helse og sosial.
Det er vanskeleg å forstå kvifor legekontoret i praksis ikkje skal inn i same kvalitetsystem som resten av helsesektoren i kommunen.
Det er nødvendig for at eit godt helsetilbod for innbyggarane skal bli endå betre.

Dagfinn Ystad
Ål Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**