Det viktigaste arbeidet for oss på fylkesplan, har vært samferdsel Me er overtydd om at kommunikasjon og samferdsel vil væra heilt klart ein avgjerande faktor i utviklinga av regionen.
Den saka som har oppteke oss mest på fylkesplan, er kyststamvegen.
Venstre sitt fylkesprogram for fire år sidan ville behalde E39 over Stord. Me har kjempa for å forandre standpunktet på fylkesplan. Frå ein mindretalsdissens om ferjefri kyststamveg i fylkesstyret, la me heile saka fram på Fylkesårsmøte. Her fekk me 2/3 fleirtal, for det som i dag står i vårt fylkesprogram.
Venstre vil ha ferjefri kyststamveg med bru frå Stord til Tysnes, veg på austsida og vidare veg gjennom Fusa til Bergen.
Kyststamveg på vestsida av Tysnes med ferje frå Andlavågen, er i vår meining ikkje eit godt alternativ for region eller for Tysnes. Det vil ikkje løna seg samfunnsøkonomisk, syner nye utgreiingar om traseval (Stord Næringsråd, mai 07).
Det er berre Venstre og Tverrpolitisk som vågar å fremje ferjefri kyststamveg i kommunestyret på Tysnes. Me treng lokalpolitikarar som tenkjer sjølvstendig, og vågar fremja sine meiningar.
Dei fleste lokalpolitikarane bygger sitt standpunkt på fylkesvedtaket, men andre del av vedtaket seier at ferjefri kyststamveg er målet me jobbar mot. I fylje den planen skulle Andlavågalternativet stå ferdig i perioden 2002-2014, det skjer jo ikkje. Tysnes har ikkje støtte frå nabokommunane sine i dette alternativet, stadig fleire flaggar indre trase er einaste vegen å gå.
Tysnesbrua vil koste om lag 1 milliard, veier over Flatråker og Anlavågen ca 3 milliardar. Når me alle veit at framtida er ferjefri med veg på austsida av Tysnes, la oss kjempe saman for dette. Me er ikkje tent med ei førebels løysing til 3 milliardar ( om brua er det einaste me kan bruka ved neste utbygging)!
Ferjefri kyststamveg er kostnadsberekna til 11 milliarder. Med den finansieringsplanen som ligg til grunn i rapporten til SN er det behov for 3.5 milliardar frå staten, resten vil komme frå bompengar og frå tilskota ferjene får i dag.
Stord Næringsråd har nett gitt ut ein grundig rapport om kyststamvegen, denne konkluderer med at veg på austsida og gjennom Fusa er til det beste for miljøet, næringslivet og for befolkninga på Vestlandet.
Me går ei spanande tid i møte, valet i år er avgjerande for regionen si framtid. Me vonar dykk vel ein framtidsretta politikk med engasjerte politikarar. Venstre står for morgondagens løysingar og kreativ tenking.
Me vonar veljarane vågar å satse på framtida og at dei stemmer Venstre til Kommune og Fylkesval i haust. Me er klar til å ta ansvar og avgjersler som vil snu utviklinga i regionen vår!
Me vil nytta høve til og takka dei som var med å støtta denne rapporten. For dei som er interessert i den, ligg den på NHO sine heimesider.