Gjengitt med tillatelse fra Bladet Tysnes:
Hatlevik er kommunestyrerepresentant og sit i fylkesstyret. Han har vore nestleiar i Hordaland Venstre, har site i landsstyret og står på 7. plass på fylkestingslista. Deltakinga i lokalpolitikken byggjer på eit sterkt samfunnsengasjement og ei formeining om at han kan gjera Tysnes til ein betre plass å bu.
Kvifor vert du ein god ordførarkandidat?
Eg er kreativ og nyskapande og har eit stort politisk nettverk på fylkes- og nasjonalt plan. Eg står for meiningane mine, og vil vera i tett dialog med innbyggjarane for å gjera Tysnes til ein betre plass å bu, seier Hatlevik.
Best for miljøet
Tysnes Venstre går inn for ein ferjefri kyststamveg. Det er det beste for miljøet, regionen og for Tysnes, slik Hatlevik ser det. Noko anna alternativ kjem aldri til å verta gjennomført. Me må ha ein framtidsretta og
aktiv samferdslepolitikk, understrekar han.
Hatlevik meiner eit betre samferdsletilbod kan bidra til ein auke i folketalet. For å snu folketalsutviklinga føreslår han også å leggja til rette for etablering av arbeidsplassar for folk med høgare utdanning. Forsking viser at om 20 år, vil 90% av dei som arbeider ha høgare utdanning. Tysnes må møta denne utfordringa. Og me må jobba for eit breiare kulturtilbod i kommunen og betre marknadsføring av Tysnes, legg han til.
Gratis ferje
For å heva vegstandarden i kommunen, vil Hatlevik søkja om gratisferje i Jektevik/Hodnanessambandet.
Dette vil auka gjennomgangstrafikken på Tysnes. Det vil i sin tur gjera det lettare å få pengar til å betra vegane og ferjesambandet Våge/Halhjem, seier han. 1.kandidaten til Venstre vil også aktivt nytta kontaktane
sine på fylkes- og nasjonalt nivå for å fremja Tysnes sine ynskje og behov. I handteringa av sjukeheimssaka,
meiner Hatlevik at lokalpolitikarane lenge nok har gjort kortsiktige feilinvesteringar. Me må byggja ny sjukeheim på ein meir eigna stad, er Hatlevik si klare oppmoding. Mange vil at Tysnes skal verta ein JA-kommune. Kva ligg i det omgrepet, og kva konkrete tiltak må gjerast for at Tysnes skal verta ein slik
kommune? Tysnes kommune skal ha offentlege kontor ope ein laurdag i månaden. Kommunen må også ha ein tettare dialog med sine brukarar for å finna tenlege løysingar på konfliktar. Me går og inn for at
Tysnes skal ha ein opnare politisk struktur, med meir informasjon til folket, oppsummerer Hatlevik.
Hytteplan
I bustadpolitikken går Venstre inn for å gjera det mogleg med spreidd bustadbygging. Partiet legg opp til at ein skal kunna finna tenlege løysingar i samarbeid med landbrukskontoret der det er naudsynt. Når det gjeld hyttebygging, seier Venstre JA, men med ein heilskapleg hytteplan. Forsking viser at at folk i framtida kjem til å ha to bustader, hus og hytte. Det vil koma ei omlegging av skattepolitikken tilpassa denne nye trenden.
Tysnes sit då på ei gullgruve. Hyttefolk er ein ressurs for Tysnes, slår Hatlevik fast.
«Alle» vil ha fleire arbeidsplassar og gode skular og oppvekstvilkår. Ser du forbetringspotensiale på desse områda, og kva konkrete tiltak kan ein gjera for å utnytta dette potensiale?
Venstre vil etablera eit veksthus for å fremja næringsutvikling, med kontorfellesskap for pendlarar slik at dei kan jobba frå Tysnes. Me går også inn for ein meir aktiv samferdslepolitikk for å gjera tilhøva for næringslivet betre, seier Hatlevik.
Fleire faglærarar
I skulepolitikken vil partiet ha eit tydeleg fagleg innhald i skulen, skulemåltid til elevane, tryggare skulevegar og fleire faglærarar i Tysnesskulane. For å betra oppvekstvilkåra i kommunen, vil Hatlevik og Venstre styrkja barnevernet og det psykiatriske tilbodet for barn og unge. På spørsmål om det er andre saker Venstre vil jobba for, svarer Hatlevik slik; Me vil utvikla Våge til eit endå sterkare senter på Tysnes. Me må starta arbeidet med å finna ei eigna kulturhustomt i sentrum av Våge. Venstre skal kjempa for å gje meir makt til kommunestyret, i dag er det bygd opp som ein udemokratisk pyramide. Det er gammaldags og lite nyskapande. Så mange offentlege innkjøp som mogleg, skal vera miljø- eller «fair trade»-merka.