Eg vil takka Helge Hauge for svaret Venstre fekk i sist Tysnes, omkring gratisferje og Venstre sitt standpunkt i denne saka. Sidan det var mine yttringar som var lagt til grunn for innlegget hans, er det kanskje lettast at eg svarer på det.
Det er faktisk sant at kommunen melde si interesse omkring gratisferjer i desember -05! Det er også sant at eg var kritisk til Sp sitt valgflesk til Stortingsvalet!
Til stortingsvalet -05, var ei av kampsakene til Sp at dei skulle ha gratis riksveiferjer i heile landet. Dette ville ha ein årlig prislapp på 6000 millionar!
Landsstyret i Venstre hadde samme spørsmålet til handsaming, eg bruka dei same orda i mitt innlegg der som eg bruka i kommunestyremøte rett etter stortingsvalet.
"6 milliardar kroner i årlege utgifter til gratisferjer, er kroken på døra for nye store vegprosjekt. Når me har så mange dårlege vegar og store utbyggingsprosjekt, bør me ikkje prioritera dette." I ein Klondykerus over at senterpartiet kom i regjering, skreiv ordføraren ein søknad om at me måtte få gratisferjer til Tysnes. Dette var basert på Sp sine valkampløfter!
Ut fra mine notater frå møte, les eg at dette var ei sak som ordføraren opplyste om, ikkje noko me hadde til avstemming. På kommunestyremøte gav eg vidare uttrykk for at eg syntest det var betre om middlane gjekk til veg og betre ferjetilbod, men om prosjektet blei ein realitet burde me sjølvsakt kjempe om å få det til Tysnes.
Eg viser til "likelydende" brevet som samferdseldepartementet sendte til Tysnes, Stord, Lyngen, Loppa, Leirfjord, Karlsøy, Herøy, Gloppen, Eid, Dønna, Austevoll og Alstad kommune, den 5.1.06. Det seier at det ikkje var noko avklaring i saken, for det ikkje var politisk handsama.
Det har ikkje vært noko skriftlig korrespodanse fra Tysnes kommune etter dette i saka.
Me veit at den raude regjeringa skal ha prøveprosjekt på gratisferjer no, og me må ta ei aktive rolle for å få det til Tysnes kommune. Skal dei sløsa med hardt trengte vegmiddlar, så la oss kjempa for dei. I følge ordføraren så manglar dei berre 4 milliardar til før dei kan realisere dette prosjektet for heile landet. Denne store auka vil ikkje gje nokon betre veg!
Venstre er eit parti som har visst økonomisk måtehald, det viste renta medan me var i regjering saman med Krf og H. Denne regjeringar haustar no frukter av det arbeidet som sist regjering gjorde.
Hauge er videre glad for at middagskvila er over for Venstre!
I eit diktatorisk styresett var eg ikkje klar over at ordføraren trengte andre sine meiningar, så kanskje har han oversett at Venstre har kjempa mot fleirtalet i kommunestyret på så mange viktige saker for miljø/samferdsle/kulturforvalting/styrking av lokaldemokratiet. Kommunestyret greier ikkje tenke nytt og krativt, 30 år gamle oppskrifter virker ikkje lenger!
Eg har gjennom mine verv snudd partiet kyststamvegsaka, sett Tysnes på kartet i samferdslesaker, fått stortingsrepresentant og leiar for Venstre på næringslivsbesøk til Tysnes.
Me har aldri sove, me må berre samla nok støtte til å snu Tysnes.
Eit ord, ein stein i ei kald elv. Ein stein til- eg må ha fleire steinar for å komma over. (Olav H Hauge)