Miljøvern – eit stadig val

Kva er miljøvern? Det fins mange svar på det, men det handlar til sjuande og sist om å gjera val.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

vatn

Foto: varmeinfo

Dei enklaste vala me gjer, er dei som ikkje kostar oss så mykje. Men no ser me etterkvart at miljøverntiltak som monnar må koste – tid eller pengar eller begge delar. Då vert det straks vanskelegare både for den eine og den andre. Draumesituasjonen hadde difor vore at til dømes fornybar energi hadde vore billegare enn fossil energi og at resirkulerte materialar hadde vore billegare enn råmateriale. Det hadde løyst mange av dei problemstillingane me ser starten på. Men pr. i dag er det ikkje slik. Kortsiktige økonomiske omsyn veg tyngre enn langsiktige miljøomsyn. Dette gjeld og i det offentlege.
Ål Venstre har kjempa for, og vil kjempe for miljøomsynet sjølv om prislappen på kort sikt kan vere større. Me vil m.a. ha vassboren varme, betre kjeldesortering, gradert renovasjonsavgift, grøn profil på kommunale innkjøp, målretta bruk av energitiltaksfondet og miljøtiltak i landbruket og sist, men ikkje minst framleis nokre flekkar av urørt natur.
Ei stemme til Venstre er ei stemme til arbeid for eit betre miljø.

Eilif Gundersen
listekandidat for Ål Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**