Valprogram til Ørskog Venstre

Her finn du eit utfyllande program for Ørskog Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


VALPROGRAM for Ørskog Venstre
Kommunestyrevalet 2007

Venstre er eit sosialt-liberalt parti som kombinerer fridom for den einskilde med ansvar for fellesskapet. Partiet set eit aktivt og levande folkestyre høgt.
Kommunen og nærmiljøa våre skal vi saman utvikle vidare til gode og trygge bygder for alle som ønskjer å bu og leve i Ørskog.

Ørskog Venstre vil i valperioden 2007-2011 i særleg grad prioritere:

* Å utvikle Sjøholt sentrum til eit levande, grønt og attraktivt område for oss alle.

* Å arbeide for å få Europavegen lagt utanom sentrum og dei næraste bygdelaga.

* Å prioritere tiltak og oppgåver innan kultur, oppvekst og omsorg/velferd.

* Å gjere det attraktivt å bu og arbeide i Ørskog.

I dette valprogrammet vil du finne noko meir om nokre av dei sakene vi vil legge vekt på.
Saman skal vi byggje og utvikle kommunen vår.
Bruk røysteretten din 10. sept. – vis oss tillit!

Venstre stiller ved dette valet felles liste med SP og KRF.
Lista har Åse Karin Gjære frå Venstre som sin ordførarkandidat ved det direkte ordførarvalet.

KULTUR OG OPPVEKST:

Ørskog Venstre vil arbeide for:

* Å halde på 2 grunnskular og 2 barnehagar i kommunen vår.
* Kvalitet for læring og trivsel skal prege skulane og barnehagane våre.
* Å gjere vårt for vidare utvikling av Ørskog vidaregåande skule.
* Ein kulturskule med kvalitet og nye tilbod.
* Brei støtte til alt frivilleg arbeid.
* Å utvikle ein kulturpolitisk plan der kommunalt og frivilleg arbeid vert sett i samanheng.
* Gode og rusfrie kultur- og fritidstilbod for born og unge.

HELSE — OMSORG — VELFERD:

Ørskog Venstre vil arbeide for:

* Eit godt helsetilbod for alle — eit godt psykiatritilbod til dei som treng det.
* Å gjere heimetenestene best mogeleg.
* Gode og trygge tilbod ved Sjukeheimen og Steinholt Busenter.
* Styrkje barnevernstenesta — særleg knytta til førebyggjande arbeid.

SJØHOLT SENTRUM:

Ørskog Venstre vil arbeide for:

* Å få Europavegen lagt utanom sentrum og næraste bygdelag.
* Ei estetisk utforming av sentrum som ivaretek bruksverdi for alle som bur i Ørskog.
* Ei miljøtilpassa og trygg «hovudgate» gjennom sentrum.
* Å kome vidare med planlegging og opparbeiding av: Sjøplassen, Måsøyrane og Øyraparken.
* Trafikktryggingstiltak — i særleg grad retta inn mot mjuke trafikkantar.
* At handel- og servicenæringar saman med småbedrifter får høve til vidare utvikling.
* Sjøholt sentrum som ein triveleg og trygg møtestad for næring, kultur, handel og reiseliv.

SAMFERDSEL — NÆRINGSLIV — BUSTADBYGGING:

Ørskog Venstre vil arbeide for:

* Å satse på trafikktryggingstiltak i samsvar med vedteken plan.
* At RV650 frå Viset til Giskemo vert lagt gjennom Børdalen
* E136/E39 utanom Sjøholt sentrum og tilgrensande bygdelag.
* At etablerte verksemder i kommunen får gode vilkår for vokster og vidareutvikling.
* Legge tilhøva godt til rette for nyetableringar innan næringslivet.
* Byggeklare tomter i alle deler av kommunen — markedsføre desse.
* Å skape bulyst gjennom trygge og trivelege bumiljø for alle.

MILJØ — RESSURSAR:

Ørskog Venstre vil arbeide for:

* Ei god forvaltning av friluftsområda våre og kulturlandskapet vårt.
* At lokal klimaplan vert utarbeidd og følgd opp vidare.
* Haldningsskapande arbeid knytta til miljø og ressursbruk — særleg i høve born og unge.
* Kortreist mat — og kortreist straum.
* Gode ordningar for levering av miljøavfall — avfallssortering — gjenvinning.

SAMARBEID:

Ørskog Venstre vil arbeide for:

* Ei auka samhandling mellom kommunen, frivillige lag og organisasjonar og ny
frivillegsentral som skal gjere oss til EITT lag med målsetjing: Saman er vi gode!
* Skape gode, trivelege og nyttige møteplassar mellom generasjonane
— med t.d. Vøllen ungdomsenter som utgangspunkt.
* Ein open og tillitsfull dialog mellom kommunen og brukarar av kommunale tenester.
* Kommunen skal vere ein god og krevjande arbeidsgjevar.
* Tverrpolitisk samarbeid til beste for innbyggjarane i kommunen.
* Interkommunalt samarbeid der dette fell naturleg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**