Rolf Nesheim er 46 år og har dei siste åra vore privat næringsdrivande etter å ha arbeidd i fylkesadministrasjonen i 10 år. Rolf er oppvaksen på Askøy, men har vore busett på Leikanger sidan 1989. Rolf har etter kvart variert politisk røynsle gjennom å ha vore ordførar i Leikanger, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre og fylkestingsmedlem.
Her er Rolf Nesheim sitt innlegg i vallavisa:
Folkestyret og ombodsrolla
Inga oppgåve er for stor, eller for lita i høve å målbere borgarane sine interesser anten det er aldersgrense for filmar på Fjord 1 sine ekspressbåtar eller sjukehustilbodet i fylket.
Det lokale folkestyret er ein berebjelke i vårt moderne demokrati. Venstre har no fått gjennomslag for å grunnlovsfeste lokaldemokratiet. Det vil sikra meir likeverd mellom dagens overstyrande stat og dei lokale folkevalde.
I dag kjenner mange lokalpolitikarar på avmakta fordi staten ikkje vil inngå forpliktande avtalar med kommunane om økonomiske rammevilkår, eller at staten bryr seg lite om eigne vedtak. At dei raudgrøne partia har gløymt at dei lova kommunesektoren forpliktande avtalar om kommuneøkonomi i stortingsvalkampen er eit døme på det første, mens kraftlina frå Fardal i Sogn til Ørskog på Møre er eit døme på det andre.
Først vernar staten, med Venstre som pådrivar, store områder i vårt fylke med restriksjonar på bruken av området. Når staten då får bruk for å føre fram kraft gjennom Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal for industriell utnytting, vil regjeringa i følgje statsråd Odd Roger Enoksen frå SP, spare pengar på å rasere delar av dei verna områda med å føre ei 420 kV-lina i luftspenn framfor i kabel. Kven andre kunne fått løyve til slikt?
Venstre vil at lina må leggjast i sjøkabel med tilknytingspunkt på land. Av helse- og miljømessige omsyn, og framtidige næringsinteresser både innan reiseliv og anna. Staten må ta finansieringa fordi staten sit att med dei største inntektene av krafta i form av skattar og avgifter og overskot på staten sin eigarskap i selskapa som skal nytte krafta.
Kraftlina er døme på ei stadig viktigare rolle for oss folkevalde nemleg ombodsrolla. Vi skal målbere einskildpersonar, kommunar og fylket sine interesser overfor statlege myndigheiter. Denne rolla blir stadig viktigare etter kvart som fleire og fleire oppgåver vert delegert til byråkratar i direktorat, regionale statlege organ, administrasjonen lokalt og til samarbeidsorgan på kommunenivå.
Etter at AP fekk skipa dei regionale helseføretaka har fylkestinget blitt ombod for folket på dette området i motsetnad til det Venstre meinte, og meiner, å vere ansvarleg for tilbodet. Ved å peike ut politikarar til å sitje i styret for føretaka har regjeringa langt på veg lukkast i å passivisere fylkestinget og andre folkevalde frå å ivareta ombodsrolla ein kan jo ikkje kritisere sine eigne, det passar seg ikkje må ein forstå!
For meg blir dette heilt feil. Min lojalitet som folkevald skal gå til borgarane av Sogn og Fjordane, og kva tilbod dei har behov for, ikkje kva partibok styremedlemene har! Og politikk handlar om å prioritere. Difor bør fylka også styre sjukehusa.
Heldigvis fungerer grasrotdemokratiet i fylket, sjølv om einskilde styremedlemer og andre folkevalde freistar og kneble dei med ulike hersketeknikkar. Og mange verdfulle innspel har kome frå aksjonsgrupper og andre interesserte som har vore med å prega både den lokale, regionale og nasjonale debatten om kva helsetilbod og funksjonar t.d. lokalsjukehusa skal ha. For Venstre er aksjonsgruppene viktige bidragsytarar til samfunnsdebatten. Som folkevalde treng vi dei!
Rolf Nesheim, Leikanger 3. kandidat for Venstre