Ordførarkandidat

Astri Taklo er Leikanger Venstre sin ordførarkandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Astri Taklo, gift, 46 år. Landskapsarkitekt frå Noregs Landbrukshøgskule, dei siste 14 åra ulike jobbar i Statens Vegvesen, men før det vaks eg opp i Horten og arbeidde i eit gartneri. Veit kva kroppsarbeid er! Har vore leiar i Leikanger Venstre, ein periode i formannskapet og kommunestyret.

Dei tre viktigaste sakene i komande periode er
1: Kommuneøkonomien og tilboda som gjer Leikanger til ein god kommune å bu og vakse opp i.
2: Spørsmålet om utbygginga av Henjaelva og Grindselva.
3: Arbeidsplassar, her kan me ikkje kvila og vi må tenkja langsiktig.

Astri støttar kravet om at kommunane skal utarbeida miljørekneskap. Me nordmenn utmerkjer oss med å tru at me har uendeleg med ressursar å bruka av. Miljørekneskap vil syna ansvaret som me må ta for å ikkje forbruke uerstatteleg miljø og omgjevnader.

Kvifor Astri er den beste ordførarkandidaten? Det er vanskeleg å vita kva som er best, men eg er engasjert, utovervendt og oppteken av at me må sjå på nye idear og moglegheiter som kan gjera Leikanger til ein endå betre plass å bu i, arbeida i og besøkja.

Astri Taklo

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**