Lesarinnlegg frå stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen

Kor blei det av lokalsjukehusa Sylvia Brustad?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det har vore lite fokus på lokalsjukehusa si rolle i valkampen hittil. Det ingen har vore opptatte av er kva ein kan gjere for å førebygge den situasjonen at så mange står i kø. Venstre har stor tro på at vi kan gjere meir for at friske eldre kan bo heime lengre, og dermed prioritere at dei sjukaste eldre får betre behandling på sjukehus.
Med den geografien vi har i Noreg, er det trong for desentraliserte sjukehus. Sjukehusa sin nærleik til pasientane har både helse- og tryggleiksgevinstar. Det er dei eldre, dei som er 80+, som er storforbrukarar av sjukehus. Lokalsjukehusa er såleis aller viktigast for denne aldersgruppa.

Liggetida for pasientar over 80 år, er om lag dobbelt så lang som for pasientar under 65 år. I den seinare tid har det vore ein reduksjon i liggetida ved dei somatiske sjukehusa. Finansieringsordninga har moglegheiter til å redusere liggetida. Eldre pasientar med lang liggetid vert ofte sett på som “ulønsomme”. Dette betyr i praksis at det er dei eldre pasientane som vert mest råka av redusert liggetid. Samstundes vert sjukehusa med mange eldre pasientar, og då spesielt lokalsjukehusa, ulønnsomme pga. denne finanseringsmåten. Dette resulterer i eit utskrivingspress til kommunane, sjølv om pasientane egentleg ikkje er utskrivingsklare. Det endar og gjerne opp i gjentatte reinnleggingar. Dei eldre risikerer alt for ofte å bli “pakkepost” mellom desse nivåa.

Samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta er ein særs viktig nøkkel til god og verdig omsorg av ikkje minst dei eldre pasientane. For at ein skal unngå gjentatte inn- og utskrivingar, må samhandlinga betrast. Ein lekk i dette er å endre finansieringa av “pasientforløpet” slik at omsynet til pasienten vert best mogleg. Finansieringa må aldri vere til hinder for dei fagleg gode løysingane eller leie til respektlaus behandling av dei som treng det mest. Det finnes mange moglegheiter for å gjere det betre enn i dag. Oppmodinga går til deg Brustad!

Gunvald Ludvigsen

Foto: Valavis 2005

Gunvald Ludvigsen
Stortingsrepresentant for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**