Kven fortjener kompensasjon for speleautomatar?

Regjeringa gir 1 milliard kroner — EIN MILLIARD KRONER — i mompensasjon til dei organisasjonane som ikkje lenger får lov til å tjene pengar på så uanstendig og uetisk vis som speleautomatar. Dette kjem fram av Stortingsmelding nr. 39 (2006-2007) Frivillighet for alle, som blei presentert nå i august. Det er mykje god tenking og mange gode tiltak i meldinga. Men eg kan ikkje med mi beste vilje forstå at de er nødvendig å bruke ein milliard kroner i 2008 og 2009 for å kompensere for tapet av så uanstendige inntekter som speleautomatar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Spilleautomat

Foto: Microsoft

Vi kan dele inn dei frivillige organisasjonane i tre grupper:
1. Dei organisasjonane som i mange år har tjent enorme summar på speleautomatar, som har gjort noen menneske avhenge av automatane og øydelagt livet for desse menneska. Eksempel på organisasjonar her er Røde Kors, redningsselskapet, mange idrettslag, noen korps, noen humanitære organisasjonar.
2. Dei organisasjonane som har fått forslag frå medlemer om å innføre speleautomatar for å tjene lettvinte pengar, men som har avvist forslaget som uetisk og uanstendige. Eksempel her er Noregs Ungdomslag som avviste medlemsforslag med eit bastant fleirtal på landsmøtet sitt.
3. Dei organisasjonane som aldri har vore inne på tanken om å skaffe seg inntekter på så uanstendig og uetisk vis. Eksempel her er 4H, bygdekvinnelag, historielag og mange andre.
Alle organisasjonane i desse tre gruppene driv godt, skikkeleg og samfunnsgagnleg arbeid. Men eg synest det er direkte galt å premiere dei som har øydelagt livet til mange speleavhengige at dei i tillegg til enorme inntekter i mange år, også skal få kompensasjon for "tapet". Eg synest ærleg talt at dei organisasjonane som har stått rakrygga mot fristelsen å tjene så lettvinne pengar fortjener langt større kompensasjon for tapte inntekter enn dei som har håva inn skitne automatpengar.
Og når dette kritiske er sagt: Resten av Frivillighetsmeldinga er eit stort framsteg, som også vi i Venstre har arbeidd mykje med og sett fram til.

Jan Kløvstad
førstekandidat for Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**