Felles program for Ørskog Venstre, Sp og Krf

Ørskog Venstre, Krf og Sp stiller felles liste til kommunestyrevalet. Kvart parti har utarbeidd sitt eige program, men her finn du og eit felles program.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


ØRSKOG KRF ØRSKOG SP ØRSKOG VENSTRE

KOMMUNESTYREVALET 2007

Felles valliste — rangert liste — partia markerte:
1. Åse Karin Gjære — V 11. Ingunn Marken – KRF
2. Odd Asbjørn Nybø — KRF 12. Per Jostein Sæter – SP
3. Karl Johan Vaksvik — SP 13. May Sissel Osvik — V
4. Ragnar Elias Bakken — V 14. Bernhard Brynestad – KRF
5. Odd Gulbrandsen — KRF 15. Rolv Viset – SP
6. Synnøve Viseth — SP 16. Ingar T. Walbø – V
7. Knut A. Sørdal — V 17. Berit Viset – SP
8. Kristian Fjørtoft – KRF 18. Asbjørn Søvik – V
9. Asbjørn Viset — SP 19. Magne Henden – SP
10. Heidi Heggem Knutsen — V 20. Anfinn Tomren – V

Felleslista sin ordførarkandidat:
ÅSE KARIN GJÆRE
[em]

Partia har sine eigne valprogram.
Du vil finne at mykje er felles i dei 3 programma.
Vi vil her spesielt markere nokre saker/saksområde der vi vil arbeide særleg aktivt.

FELLES SAKER KRF — SENTERPARTIET — VENSTRE:

* Vi vil utvikle Sjøholt sentrum til eit levande, grønt og attraktivt
kommunesenter for alle — med Europavegen utanom sentrum og
nærliggande bygdelag.

* Vi vil ta alle miljøspørsmål på alvor! Vi vil opprette ein miljøpris.

* Vi vil forbetre ordningane for levering av miljøavfall, avfallssortering og
gjenvinning.

* Kultur, skule og gode oppvekstvilkår skal stå sentralt.

* Auke løyvingane til frivilleg kulturarbeid!

* Auka samhandling mellom kommunen, lag/organisasjonar og private.

* Omsorgs- og velferdstilbod skal prioriterast høgt.

* Steinholt bu- og aktivitetssenter for dei eldre!

* Leggje til rette for auka folketal gjennom å gjere det attraktivt å bu og
arbeide i Ørskog.

* Næringsutvikling og fleire arbeidsplassar vil vere prioriterte oppgåver.

* Gangbru ved Steinholtbrua snarast!

* Intensivere arbeidet med å få realisert Børdalslinja — Viset — Valgermo.

KRF — SP — Venstre representerer sentrum i lokalpolitikken i Ørskog.
Vi vil i fellesskap med innbyggjarane gjere heile kommunen vår til ein endå betre kommune å bu i.
Vi ønskjer auka folketal og vil ønskje kvar ny innbyggjar velkomen til Ørskog!

Folkestyret vårt er utvikla gjennom mange år.
Folkestyret er ein verdi for oss alle.

Difor: Bruk røysteretten din ved valet 10. september 2007.

Ved å nytte felleslista ved valet 2007 gjer du eit trygt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**