Venstre vil ha omlastingsterminal i Hallingdal

Buskerud Venstre tek til orde for å leggje ein omlastingsstasjon frå veg til bane til Hallingdal og Venstre sin 1.kandidat ved fylkestingsvalet Runolv Stegane vil følgje opp både i fylkestinget og overfor sentrale styresmakter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Riksveg 7 er svært belasta med tung- trafikk. Vegen har eit enormt behov for opprusting og vedlikehald. Den store mengda tungtrafikk er både eit trafikktryggleiksspørsmål og miljøspørsmål. Ein god del av tungtrafikken er transport til/frå Sogn. Denne trafikken går over Hemsedalsfjellet på RV 52 før han kjem inn på RV 7.

Valgkamp S

Foto: Ingvild Stegane

– Venstre ønskjer no å leggje til rette for at omlasting frå veg til bane, slik at meir av tungtrafikken frå Sogn kan gå i containertog frå Hallingdal til Oslo. Det same gjeld godstransport til/frå Hallingdal, seier Runolv Stegane.

Han peikar på at det lagt til rette med opplastingsareal og jernbanespor for opplasting av tømmer til jernbane i Nesbyen.
– Bergensbanen har i dag omtrent sprengt kapasitet med godstogfrakt av containarar. Ein omlastingsterminal på Nesbyen vil leggje større press på staten for å byggje fleire og lengre kryssingsspor langs Bergensbanen, hevdar Stegane.

Venstre meiner at fylkeskommunen saman med staten må stille opp med midlar til å leggje planar for ei utvikling av stasjonsområdet i Nesbyen slik at dette området slik kan bli ein effektiv omlastingsterminal for all type gods og containertransport.

Denne meldinga har fått oppslag i Hallingdølen i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**