Venstre sitt grunnsyn byggjer på dei kristne grunnverdiar, likeverd og demokrati.
Venstre ber om fornya tillit. Som ombod for innbyggjarane er me også arbeidsgjevarar for kommunalt tilsette. Venstre ser dei tilsette i kommunen som den viktigaste ressursen til å gje innbyggjarane gode tenester. Kommunen skal vera ein lydhør arbeidsgjevar.
Radøy kommune er ein god kommune å leva i, med eit godt tenestetilbod. Utfordringa framover vert å oppretthalda og vidareutvikla tenestetilbodet til det beste for innbyggjarane i kommunen.
I arbeidet som ombod, vil Venstre lytta til råd frå ungdommens kommunestyre, råd for funksjonshemma og eldrerådet. Innspel frå einskildpersonar og frivillige lag – og organisasjonar vil også teke med i vurderingar av enkeltsaker.
I perioden 2007-2011 vil Radøy Venstre arbeida for å fremja desse sakene:
Næringsliv, landbruk
– Ha næringsutvikling. Tilsetje ein næringskonsulent.
– Utfordra lokale ressurspersonar og gründerar til å skapa eit fora for nyetablerarar.
– Arbeide aktivt med næringsfremjande tiltak for å sikra eksisterande verksemder og leggja for nye arbeidsplassar
– Ikkje auke eigedomsskatten
– Stimulera til nytenking i primærnæringane: som “kortreist mat”,matvareproduksjon bygd på lokal tradisjon og råvarer.
– Leggja til rette for småskalaproduksjon i landbruket i kombinasjon med landskapsvern.
– Leggja til rette for samdrift i landbruket.
– Arbeida for å vidareutvikla og leggja til rette for fiske, oppdrett og fiskeforedling.
-Styrkja turistnæringa; leggja forholda til rette for rydding av kulturlandskapet, informasjonsmateriell om turløyper, fotturar, kanopadling, sykling og liknande.
Samferdsle
– Arbeida for å få Nyborgstunnelen inn i Nordhordlandspakken
– Arbeida for betring av vegstandarden, betra vedlikehalde på alle kommunale vegar
– Vera pådrivar for å få utbetra fylkesvegane i kommunen.
– Stimulera til nytenking for å betra tilbodet om kollektive transporttenester til utkantane.
– Auka satsing på gang og sykkelvegar.
Plan, teknisk
– Laga ein forvaltningsplan over skogsressursane i kommunen og leggjast til rette for skogsvegutbygging.
– Sikra tilfredsstillande vedlikehald av kommunale alle bygg, det må lagast planar for vedlikehaldet. Planane skal leggjast til grunn for prioritering av midlar til vedlikehald og utbetringar.
– Store rehabiliteringskostnader må vurderast opp mot kostnaden ved nybygg.
– Ha levande grender! Vidareutvikling av gode bumiljø, for å sikra trygge oppvekstmiljø for born og unge.
– At nybygg må vera tilpassa eksisterande byggeskikk.
– Prioritera bustadtilbod for ungdom
– Styrka beredskapen for å sikre ei god krisebehandling med omsyn til brann, oljesøl og andre utslepp.
– At det offentlege rom skal ha ei universell utforming.
Skule, oppvekst og kultur
– Satsa på skulen. Venstre ser på satsing på skulen som den viktigaste framtidsinvesteringa eit samfunn kan gjera. Læraren er skulen si viktigaste ressurs.
– Utvida bruk av skulane som kulturbygg.
– La trafikkmiljø vera medverkande grunn til fri skuleskyss.
– Oppretthalda full barnehagedekking i ein god barnehage.
– Ha brukarvenlege opningstider i barnehagane.
– Støtta ungdomsarbeid og arbeid i frivillige lag og organisasjonar.
– Skapa gode møteplassar i levande grender.
– Stimulera rusfrie tiltak.
– Oppretthalda dagens skulefritidstilbod, 11 mnd.opningstid.
– Næring = læring. Auka fokus på kosthald i barnehage og skule. Styrkja helsesøstertenesta i skulane.
– Oppretthalda og vidareføra tilbodet Radøy musikk og kulturskule gjev.
– Arbeide for å få til eit leirskuleopphald i grunnskulen.
Helse, sosial og omsorg.
– Styrkja heimetenesta slik at dei som har trong for det, får den hjelp dei treng av kvalifisert personale.
– Gje gode avlastingsordningar for familiar med stort omsorgsansvar.
– At hjelpeapparatet må vera så fleksibelt at det er rom for individuelle tilpassingar. Dette gjeld barn, unge, eldre, funksjonshemma og personar med psykiske lidingar.
– Samarbeida med lag og organisasjonar som drivførebyggjande helsearbeid.
– Styrkja frivilligsentralen.
– Ha ei restriktiv haldning til speleautomatar, og arbeida for ein heilhetleg og førebyggjande spelpolitikk som tek omsyn til speleavhengige og deira familiar.
– Arbeide for vaktmeisterteneste til eldre heimebuande og andre som har krav på denne tenesta.
– Ta vare på nye innbyggjarar i kommunen, slik at dei vert godt integrerte og kjenner seg heime i kommunen vår.
Natur og miljø.
– Ubåten U-864 skal opp, kvikksølvet må fjernast.
– Føra ein miljøpolitikk som byggjer på forvaltartanken: for at kommande generasjonar også skal ha valfridom, må me ikkje utnytta naturen ut over det den toler.
– Skogsvegar som vert bygd med offentleg støtte skal kunna nyttast av funksjonshemma.
– Store kraftleidningar (kraftoverføringsnett) skal leggjast i jord.
– Sikra areal til friluftsliv på sjø og land.
– Kamp mot unødig emballasje og forsøpling
– Be om ein miljøplan for den kommunale drifta.
Kyrkja
– Ha ei folkekyrkje med romslege vilkår.
– Halda kyrkjebygg og gravplassar i sømeleg stand.
– Sikra areal til teneleg parkeringsplass for Manger kyrkje.
Interkommunalt samarbeid
– Ha demokratisk kontroll, styring og innsikt i interkommunale selskap.
– Halda fram og vidareutvikla det interkommunale samarbeidet i regionen.
– At verksemder i interkommunal regi også må lokaliserast til Radøy.