Dette er også den perioden Ford Fiesta er kjøpt for. Det mest skuffande i Arendals innkjøp er at bil-leverandørane ikkje stilte godt nok opp. Det viser at vi må samarbeide for å få sterkare forbrukarmakt.
Nå må arbeidet med neste anbud startast straks. Arendal Venstre foreslår:
1. Alle bil-leverandørar må kontaktast umiddelbart med varsel om neste anbudsfrist.
I varselet bør Arendal kommune varsle om ein klar ambisjon om utslippsnøytrale bilar, og at Arendal vil invitere med fleire i eit stort og mektig innkjøpsfellesskap.
2. Arendal kommune må ta kontakt med samtlege andre kommunar i Aust-Agder, Vest-Agder, Telemark og Vestfold med sikte på felles innkjøp/leasing-avtale fra 2010. Det er ulike behov i "små-kommunar" som Tønsberg, Sandefjord, Arendal, Grimstad og Kristiansand enn storkommunane Bygland, Vinje og Tokke. Eit samarbeid der det er krav om for eksempel el-bil/hydrogenbil i bykommunane og lågast mogleg utslipp i landkommunane, kan tvinge fram dei beste løysingane alle stader. Eventuelt kan Arendal søke samarbeid med kommunar over heile landet som har omrent same interne køyrelengder og utfordringar.
3. Alle oljeselskap med stasjonar i Arendal og Froland må kontaktast straks for å få anbud på levering av biodiesel av absolutt beste miljøkvalitet til dei bilane som nå skal i bruk. Pr i dag er det berre Statoil-stasjonen på Vesterveien som har konkrete planar om biodiesel. Men Esso, Shell, Hydro-Texaco rundt om i Arendal og Froland vil dei vere med i framtida? Vil dei la sjansen til å vere leverandørar i Arendal og på Sørlandet gå frå seg? Dei bør straks melde seg på, tilby bio-diesel, LPG-gass og uttak for straum til el-bilar.
Kommuneadministrasjonen burde sett krav om at for dårlege miljøløysingar i dette anbudet ville føre til at anbudet kunne trekkast tilbake, slik at vi kunne kome i gang alt nå og ikkje om tre år.
Ford Fiesta med diesel er eit lite steg framover, men eit altfor lite steg. Om alle bilane kan få tilgang til bio-diesel er det eit litt lengre steg framover. Men det er sjumilssteg vi treng, i kampen for miljøet og klimaet.
La oss derfor samle alle gode krefter i heile landsdelen og ta sjumilssteget saman. Framtida kan bli ein rein fornøyelse, om vi handlar nå.