Ungdomen vel Venstre

Ved skulevalet på Vanylven vidaregåande skule ga 33.3% av elevane stemma si til Venstre. Kjempeflott, seier leiar August Vonheim.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Tysdag den 28. august møtte Venstre sin Karl Petter Sortehaug ungdomane ved Vanylven vidaregåande skule. Han må ha gjort ein flott jobb med å få fram vår satsing på ungdom, sidan resultatet vart så godt for Venstre. Vanylven Venstre ynskjer å få med fleire ungdomar i kommunepolitikken, og har på lista nominert 11 kandidatar under 40 år, 6 kandidatar er i alderen 18-30 år.
Sidan Venstre si liste ikkje er kumulert har ungdomen sjølve høve til å bestemme kven som skal stå øverst på lista. Alt er opp til veljaren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**