Rekruttering

Unge i etablerarfasen spør etter rimelege husvære, byggeklare tomter, barnehage – og skuletilbod. Det er difor viktig at vi legg til rette for at vi har gode tilbod og moglegheiter for å dekkje etterspurnaden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Helsevesenet treng fleire hender i arbeid, og kommunen må tydeleggjere dette behovet før krisa går på helsa laus. Samtidig har vi ein høg gjennomsnittsalder på lærarar. Vanylven kommune må difor aktivt marknadsføre seg for å rekruttere yngre til desse yrka. Vi bør vurdere «økonomiske goder» for dei som vel å busetje seg i Vanylven. Vi ser for oss ei stipendordning til dei som arbeider innanfor helse- og skule, som ynskjer å utdanne seg, for å utvide sin kompetanse.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**