Næringslivet

Vi opplever no ei positiv endring i næringslivet, med fleire nyetableringar og utvikling av eksisterande bedrifter. Denne utviklinga må kommunen støtte opp under og vidareføre. Omstillingsmidlane regjeringa har ytt oss bør nyttast til å stimulere kreativitet og nyskaping i kommunen. Rimelege lån og god rådgjeving bør bydast idérike skaparar med innsatsvilje og pågangsmot. Vekst i arbeidslivet vil stimulere til auka busetting, noko Vanylven bør ha hovudfokus på i tida som kjem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Vanylven Vekst er ein viktig møteplass og eit fagleg forum for deltakarane i næringslivet. Dei «nye» aktørane treng informasjon, rettleiing og oppmuntring i arbeidet med å etablere eiga bedrift. Dei «gamle» aktørane har tidvis behov for fagleg påfyll og kan dele si erfaring med nyetablerarane. Vi vonar at vekstarbeidet vil halde fram, med vinkling på næring og busetting.

Når elevar ynskjer å fullføre si utdanning med ei læretid, er det viktig at vi kan gje moglegheiter for dette. Vanylven bør ha lærlingplassar til disposisjon, for å få ungdomen tidleg inn i arbeidslivet i kommunen. Vi bør stimulere til deltaking i felles fora for lærlingar og gje tilbod innanfor fleire yrker, for å gje ungdomen fleire utdanningssjansar i Vanylven.

Vi har ein god vidaregåande skule, og denne er det er viktig å få behalde. Ikkje alle er modne til å flytte på hybel i så ung alder, og nokre har særskilte behov som gjer at det er tryggare å få utdanne seg i nærmiljøet. På Vanylven vidaregåande får ungdomen i heile Vanylven ein unik sjanse til å bli betre kjent med sine jamaldringar, noko som i tillegg aukar tilknytinga til heimkommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**