Hovudfokus for Vanylven Venstre

Det er viktig for oss å bidra til:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Betre kommunikasjonar over kommunegrensene

At Vanylven kommune kan tilby avlasting til familiar med omsorg for funksjonshemma born og vaksne, for pleietrengande eldre og til heimar der rusmisbruk er ein del av kvardagen.

Fokus på barn og unge sine oppvekstvilkår. Vi har ei positiv utvikling i næringslivet og ser at endring i skulestrukturen kan påverke tilgangen på arbeidskraft eller medverke til fråflytting

Tilgjengelege tomter i alle bygdelag, gjennom offentlege bustadfelt eller gjennom frådeling ved private avtaler

Fokus på unge i etablerarfasen – vi må spørje kva som skal til for at dei skal velje å bu i Vanylven

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**