Håper vindmøllene aldri kjem

Hå Venstre sin fyrstekandidat Jon Arne Silgjerd har alltid vore i mot vindmøller på Høg-Jæren. Han reagerer på både utbyggjaren og kommunane si handlemåte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Vindmølle

Foto: Hå Venstre

Til Jærbladet seier Jon Arne Silgjerd at det er to hovedproblem knytta til vindpark på Høg-Jæren, utbyggjaren si handsaming av grunneigarane og kommunane si rolle i utbygginga.

Han meiner at kommunane har vore alt for passive og ikkje vore til hjelp for grunneigarane i høve til forhandlingar med utbyggjaren. Han meiner ein skulle gjort som på Smøla, der kommunen var aktivt med i forhandlingar som strakte seg over lang tid, for å sikra grunneigarane sine rettar.

Jon Arne Silgjerd meiner at kommunane nå må setja klare krav i samaband med reguleringa. Dei bør setja seg saman med grunneigarane og krevja reforhandling avtalen. — Anlegget er alt for stort og vil vera synleg i store deler av fylket. Det vil få konsekvensar for natur og miljø som me enno ikkje kjenner konsekvensane av seier Silgjerd til Jærbladet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**