Venstre liberale prinsipp; kortutgåve på nynorsk!

Venstre har som kjent laga nytt prinsipprogram, og med 10 sentrale liberale prinsipp. Voss Venstre nyttar ein kortversjon, og på nynorsk! Ikkje autorisert, men god, seier 1.kandidat på lista; Torstein Gunnarson

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Dei sentrale prinsippa i Venstre sin sosiale og radikale liberalisme er:
1. Fridomen skal gjelda overalt, for alle.
2. Det personlege ansvaret er ufråvikeleg.
3. Alle har ansvar for kvarandre, for miljøet og for komande generasjonar.
4. Verkeleg fridom føreset fellesskap og rettferd.
5. Alle er likeverdige, men ingen er like.
6. Politikk skal fremja livskvalitet og menneskeleg vekst.
7. Politisk makt skal koma nedanfrå.
8. Makt skal spreiast og balanserast.
9. Den liberale staten er upartisk, sterk og avgrensa.
10. Liberalismen er optimistisk og alltid på veg

Kjernen i Venstre sitt sosialliberale grunnsyn er ein utolmodig liberalisme, der vi er framtidsglade, engasjerte, ærlege, rause og ansvarlege! Samfunnet skal vera prega av sosial varme og likeverd .

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**