Venstres grunnsyn
Respekt for menneskeverdet er grunnlaget for vårt politiske arbeid. Drivkrafta i arbeidet er å vise omsyn og hjelpe andre menneske og få eit betre samfunn. Vi byggjer på dei kristne og humanistiske verdiane i arbeidet for likskap mellom menneska. Vi vil verne om livsmiljøet.
Venstre vil ha eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn der folk har fridom og høve til å skape sin eigen veg til det gode liv, og der vi tar ansvar for kvarandre og til miljøet.
Vi ønskjer et mangfaldig samfunn der forhold mellom menneskjer bygger på toleranse og respekt.
Sosialliberalisme
Ideologisk er Venstre tufta på sosialliberalismen. Den finn løysning i balansen mellom fridom og fellesskap, mellom politisk styring og ein fri marknad, mellom borgaren og staten, mellom by og land.
Nytenkjande
Venstre er et nytenkjande parti med vilje til analyse og reformer. Vi vil ha ei forenkling av unødvendig regulering og byråkrati som kompliserer samfunnet.
Vi vil at Sauherad skal framstå som ein annleis kommune og bør slutte seg til "Slow Cities – Cittaslow". De har dess kriteria for medlemsskap.
Cittaslow byggjer på følgjande hovudprinsipp:
Miljø. Ikkje berre bevare ting som dei er. Ein må planleggje noko kvar dag, og så må ein handle. Det skal vere ei gjennomtenkt handling, og ein skal tenkje framover.
Infrastruktur. Fyrst utnytte det ein har, før det blir nye ting vurderte.
Ny teknologi. Ein kan bl.a. nytte internett framfor annan meir fysisk teknologi. Ein er ikkje for eller mot globalisering, men ein ønskjer ikkje McDonald. I staden blir det lokale kjøkken vist stor interesse.
Typiske lokale produkt. Mat og handverkstradisjonar er viktige for stadene sin kultur. Dei skaper identitet. Det gjeld å skape ei god framtid.
Gjestfridom. Dette er fundamentalt i Cittaslow – meir som ei religiøs plikt. Vi må bli meir sympatiske. Møter mellom ulike kulturar er positivt. Det fører til meir rikdom totalt sett.
Medvit. Heile kommunen må engasjerast. Turisme er ei utfordring for alle. Ein snakkar ikkje om turisme og turistar, men om gjester som er på visitt. Ein må ha heile befolkninga med på Cittaslow.
Sauherad Venstre er eit parti for heile Sauherad og arbeidar for å sikre både levande tettstader og sterke kommunesentra.
Vi vil sikre gode offentlege basistenestar i heile kommunen og satse aktivt på skule, omsorg, kultur- og næringsutvikling.
Samarbeid med SV, AP og SP
Vi har dei to siste valperiodane hatt eit konstruktivt og godt samarbeid mellom SV, AP, SP
og V i Sauherad. Dette vil vi gjerne fortsetje med også i neste periode. Samhald på store politiske fokusområde har gjeve større stabilitet og ein betra betalingsevne for Sauherad kommune. Vi erkjenner samstundes at det ligg store utfordringar framover.
Vi vil i fellesskap samarbeide for å utvikle kommunen positivt ved å:
Ta på alvor og vise ansvar for ein breiare merksemd på klimaendringane og miljøutviklinga lokalt.
Medverke til at Sauherad kommune er miljøbevisste i sine framtidige planar.
Arbeide for å halda oppe den gode skolestrukturen i Sauherad.
Arbeide for full barnehagedekning i barnas nærmiljø.
Arbeide for å stimulere til ei auka næringsutvikling i kommunen.
Arbeide for å vidareutvikle kommunesamarbeidet i Midt-Telemark.
Sauherad Venstre vil arbeide for følgjande saker:
Nok ressursar til grunnskolen
Arbeide for gang og sykkelveg vidare mot BØ og fleire grøne stiar mellom og rundt tettstader
Sikre full barnehagedekning i framtida
Aktivt barne- og ungdomsarbeid
Eit rikt og varierande kulturliv i kommunen
Gode rammevilkår for nyetablering av bedrifter i heile kommunen
Fleire offentlege arbeidsplassar til Sauherad
Sikre vidare drift av eksisterande små- og mellomstore bedrifter i kommunen og arbeide for nye arbeidsplassar og auka busetjing i bygda
Prøveordning med samfunnslønn i samarbeid med NAV
Aktivt jordvern og omsyn til produksjonsgrunnlaget
Fast dekkje på vegar i alle byggefelt
Arbeide for å få ein lokal klimahandlingsplan
Arbeide for rusførebyggjande tiltak både når det gjeld alkohol og narkotika
Arbeide for at toget skal stoppe på Gvarv stasjon og få betre lokal togavgang med Bø og Grenland og Notodden
Arbeide for at Sauherad skal få eit endå betre miljø
Gode rammer for frivillige organisasjonar
Auka den økologiske jordbruksproduksjon til 20% innan 2011
Arbeide for at Gvarv skole skal vere ein nynorsk skolekrins
Målretta arbeid for fleire arbeidsplassar i næringslivet
Vi ønskjer at fleire skal busetje seg i Sauherad. Grunnlaget for det er vidare utvikling i næringslivet.
Venstre vil at:
– Kommunen bør utvikle ny næringsplan som gjer det attraktivt for nyetablerarar og små og mellomstore verksemder å etablere seg i Sauherad.
– Kommunen bør tilby samlokalisering for nyetablering av små verksemder og drive nettverksbygging mellom næringsdrivande på den gamle bygdeheimen.
– Det kommunale næringsfondet prioriterer kvinner og ungdom blant dei som søkjer om midlar frå fondet.
– Samarbeidet mellom Sauherad kommune, MTNU og Telemarksforsking må styrkast for å skaffe fleire forskarar med Sauherad som arbeidsstad.
– Arbeide for at dei økonomiske rammene for dei små bruka i landbruket vert betre
– satse på 20% av jordbruksproduksjon i Sauherad kan leggast om til økologisk innan 2011
– Oppretthalde landbruket som ei viktig næring i Sauherad.
– Støtte alternativ produksjon med midlar frå næringsfond. Eksempel alternativ eggproduksjon.
– Nytte statlege utviklingsfond gjennom landbrukskontoret for å etablere tilleggsnæringar i landbruket.
– Auke turisttrafikken til Sauherad gjennom betre marknadsføring og stimulere til utikling av nye turistmål med grøn turisme som hovudfokus.
Det skal løne seg å verne om naturmiljøet
Sauherad kommune har eit stort ansvar for å føre ei ressursforvaltning som inneber at ressursgrunnlaget ikkje blir brukt opp for komande generasjonar, og at vi førebyggjer ureining av Norsjø og elvar i kommunen.
Følgjande tiltak vil vere sentrale:
– Sauherad kommune må gå i spissen for energisparande tiltak m.a. ved at det blir lagt inn vassboren varme i kommunale bygg og arbeide for energisparing.
– Bruk av biobrensel er et godt alternativ som bør bli tatt i bruk ved oppvarming av kommunale bygg.
– Gjennomføre ei betre ordning for sortering og resirkulering av avfall og endre bossavgifta slik at det løner seg for hushaldet å sortere avfall og auka heimekompostering. Kommunen bør tilby opplæring i bruk av heimekompostering og skaffe rimelige kompostbingar, og gje dei ei rimelegare avgift.
– Innføre full kjedesortering på alle skulane, og lære elevane til å bruke dette systemet.
Eit godt barnehage- og skuletilbod
Talet på arbeidsplassar og talet på barnehageplassar heng saman. Utan barnehageplassar er det i praksis uråd å få unge folk til å etablere seg i kommunen, jamvel om det måtte finnast arbeidsplassar. Barnehagar og skulane bør ta naturen meir i bruk som læringsstad, og vere med å utvikle nye pedagogiske metodar for dette. Kommunen bør ha minst ein naturbarnehage. Same kvar ein bur i kommunen, bør innbyggjarane ha same tilbodet på barnehageplassar.
Eit fritidstilbod til barn og unge er ei lønsam investering, både økonomisk og sosialt.
Alle elevar har rett til gode læringsstader, inneklimaet i skulane og barnehagane må kontrollerast årlig og utbetrast i trå med kontrollane.
Sauherad kommune bør søkje om det er mogleg å få til ei prøveordning med servering av varm mat i barnehage og skole.
NAV skal gje alle den hjelpa dei treng
Alle skal kjenne seg trygge på å få den hjelp dei treng i arbeid, sjukdom, funksjonshemming og i sosiale vanskar. For oss er det eit mål at eldre kan bu heime så lenge dei ønskjer. Kommunen må leggje til rette for ein god prosess for etablering av lokalt NAV-kontor.
– Arbeide for at den nye Sauherad sjukeheim blir ein god stad å bu.
– Det må leggjast til rette for at organisasjonar kan drive likemannsarbeid for funksjonshemma og folk som får ein kronisk sjukdom.
– Ta imot og inkludere fleire flyktningar og sikre dei eit godt liv for i Sauherad gjennom introduksjonsprogrammet og gode språkarbeidsplassar.
– Etablere og løyve pengar til eit kommunalt råd for funksjonshemma i samarbeid med Midt Telemark kommunane
Fleire må engasjerast i kommunal planlegging og utbyggingsarbeid
Planarbeidet er til for innbyggjarane. Difor må ikkje planlegginga vere ei sak einast for kommunestyret, kommunale nemnder og tilsette i kommunen.
Innbyggjarane må få større innverknad på saker som vedkjem dei til dømes ved at grendeutval og organisasjonar kjem med i planleggingsarbeidet og får nødvendige midlar til å greie ut saker.
– Kommunen bør utnytte betre den faglege ekspertisen ved høgskulen i Telemark i planleggingsarbeidet.
– Kommunale bygg skal følgje plan- og bygningslova nøye, mellom anna med tanke på universell utforming og estetikk.
Sauherad kommune skal bli ein betre kulturkommune
Kulturarbeidet skal gje eit rikare og betre liv for den einskilde, for grupper og for lokalsamfunnet. Barn, ungdom og eldre skal vere prioriterte grupper i kulturpolitikken. Kulturarbeidet må derfor skje på mange felt, slik at flest mogleg kan kjenne seg heime, også flyktningar og tilflyttarar.
Sauherad Venstre vil:
– Syte for at kulturskolen får trygge vilkår og at fleire elevar får plass.
– Kulturskolen bør i framtida samlokaliserast med Gvarv skole.
– Halde oppe eit variert idrettstilbod.
– Arbeide for å oppretta ein kultursjefstilling.
– Gjennomføre lokalt vern av både faste og ikkje materielle kulturminne.
– Syte for at kyrkjene i bygda får løyving til vedlikehald
– Gjere det lettare å opprette møtestader med kulturtilbod.
– Modernisere biblioteket på Gvarv og sikre løyvingar til bokkjøp.
– Auke kommunal støtte til lag og organisasjonar.
Ein meir publikumsorientert kommune
Alle tilsette i kommuneadministrasjonen og kommunale etatar er innbyggjarane sine tenarar. Arbeidet må effektiviserast slik at sakene blir raskare handsama.
For Sauherad Venstre er det viktig at prinsippet om mest mogleg offentlegheit blir følgt nøye, og at talet på hastesaker og bruken av hasteparagrafen blir vesentleg redusert.